Hopp til innhold

For mange "snille piker" stoppar kvinner i politikken

For mange kvinner er plaga med eit snill pike-syndrom som hindrar dei frå å delta aktivt i politikken, meiner Ap-damene Solveig Willis og Kari Valle. No vil dei ha fleire kvinner på den politiske toppen, også lokalt.

Solveig Willis og Kari Valle

VIL HA VERV: Solveig Willis frå Flora Ap og Kari Valle frå Førde Ap er begge plukka ut til Arbeidarpartiet si eliteskulering for kvinner.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ved sist lokalval valde 70 prosent av kvinnene å takke nei til å bli renominert på partilistene dei hadde stilt til val på, og dermed startar nok ein gang kampen om å få fleire kvinner til å bli politisk aktive.

I Arbeidarpartiet har ein vald å satse på ei omfattande eliteskulering av kvinner som alt er, eller som ein ønskjer skal bli så aktive at dei kan innta dei høgste posisjonane i sine respektive kommunar.

To av 25 kjem frå fylket

I denne runden er 25 kvinner plukka ut, og to av dei er frå Sogn og Fjordane. Solveig Willis frå Florø og Kari Valle frå Førde er begge lystne på å gjere ein jobb for sitt parti, og meiner også at kvinner både kan og bør stille opp for det partiet som står dei sjølve nærast.

– Det handlar vel om å vere trygge på oss sjølve. Det er vel ofte slik vi damer må vere ganske sikre på det vi gjer, vi hiv oss ikkje så veldig lett utpå. Vi skal vere trygge og gjere ting ordentleg, seier Kari Valle til NRK.

Ho er føreslegen til 2. plassen på Førde Ap si kommunevalliste, og er glad for at ho var ein av dei som blei plukka ut til å få skulering sentralt i Arbeidarpartiet.

Må tore å sleppe litt laust

Solveig Willis meiner på si side at det no er på tide at fleire kvinner i Sogn og Fjordane tek grep og tør og stå opp i kampen om dei gjevaste politiske posisjonane.

– Eg trur i alle fall det er viktig at vi som alt er i politikken er tydlege og viser at det går an. Så trur eg damene må tørre å sleppe litt laus frå "snill pike-syndromet" om at vi skal fikse alt på heimebane og i politikken. Det går faktisk ikkje. Du må tole at det er litt støv i krokane og ikkje ha så høge krav til seg sjølv, seier Willis.

– Men heng det att gamle kjønnsrollemønster?

– Eg trur det heng att ein del enda i forhold til den oppveksten og kulturen vi er ein del av. Men eg merkar jo det at dei fleste kvinner er engasjert i politikk på eit eller an nivå. Det er berre det at det er litt skummelt når ein brukar omgrepet politikk. Kvinner er veldig samfunnsengasjerte, eigentleg, meiner Ap-kollega Kari Valle.

– Viktig å bli pusha litt

Dei to Ap-kvinnene skal bruke det neste halve året til å skulere seg fram mot valkampen neste år, og begge kan rekne med gode posisjonar til lokalvalet. Men Solveig Willis innrømmer at det kan vere tøft å vere kvinne i politikken, også lokalt.

– Når ein står i kampposisjonen, og det gjerne står mellom ein mann og ei dame, så kjenner også eg at då er det lett å trå til side og tenkje at han er litt flinkare enn meg. Det er viktig at vi damene blir pusha litt til å ha tru på oss sjølve.