Hopp til innhold

Vil ha fleire av sine kollegaer på Facebook

13 av 44 politi- og lensmannskontor i Vest politidistrikt brukar Facebook aktivt i møte med innbyggjarane. Endå fleire bør følgje etter, meiner både politifolka som er på nett, innbyggjarar og ekspert.

Bjørn Inge Aarsand

HAR STOR VERDI: – Verdien er så stor at eg ser ikkje noko gale i å bruke ressursar og tid på Facebook, seier politiførstebetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor.

Foto: Ingerid Jordal, Hordaland

– Verda forandrar seg og møteplassar blir det stadig færre av. Men Facebook er ein slik møteplass, det seier politiførstebetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor.

Politiet på Voss har sidan 2010 brukt Facebook aktivt, både som ei slags oppslagstavle for informasjon til innbyggjarane, men også for å be om tips rundt konkrete saker og hendingar.

Litt etter litt har kollegaer teke etter. I dag er 13 av politi- og lensmannskontora i Sogn og Fjordane og Hordaland på Facebook. Fleire lensmannskontor har eigne sider, medan andre kontor har gått saman om ei felles side.

  • Årdal lensmannskontor
  • Luster lensmannskontor
  • Bremanger lensmannskontor
  • Høyanger lensmannskontor (Dekker også Balestrand lensmannskontor og Hyllestad lensmannskontor)
  • Politiet på Sotra, Askøy og Øygarden (felles side for Askøy lensmannskontor og Sotra og Øygarden lensmannskontor)
  • Hardanger lensmannsdistrikt (Dekker også Jondal lensmannskontor og Ullensvang og Eidfjord lensmannskontor)
  • Politiet på Voss (Voss lensmannsdistrikt)
  • Politiet i Austevoll (Austevoll lensmannsdistrikt)

(I tillegg har Ungdomspatruljen Bergen sentrum politistasjon eiga side).

– Burde det ha vore fleire?

– Heilt openbart, seier Aarsand.

Vil møte folk der dei er

Ein av nykomlingane blant lensmannskontora på Facebook er Årdal. I desember i fjor såg sida deira dagens lys og nær 1300 personar følgjer no med på kva politiet legg ut.

Ein av initiativtakarane til sida er den ferske politimannen Petter Hagen (25). Han er ikkje i tvil om at det er viktig for dei å vere synlege også på nett.

– Vi skal jobbe for å hjelpe publikum og viss det betyr å vere er folk er, så er det først og fremst å møte dei i gata, men også der dei sit rundt middagsbordet og blar nedover på Facebook, seier han.

Petter Hagen

NYTT VERKTØY: – Facebook er blitt eit verktøy i utstyrsbeltet vårt som vi kan bruke når det er nødvendig, forsvarleg og hensiktsmessig. Så må vi jo tenke oss om, akkurat som når vi skal bruke handjern, om det er hensiktsmessig, seier Petter Hagen.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Alle er på Facebook

Kent Lægreid

POPULÆR SIDE: Kent Lægreid ser stadig vekk at kjente likar innlegga som Årdal lensmannskontor legg ut på sida si.

Foto: Anna Gytri / NRK
Hanne Øren

MEINER DET GODT: – Den energien politiet brukar på Facebook er meint godt, og det er for å nå ut til flest mogleg, seier Hanne Øren.

Foto: Anna Gytri / NRK

Blant innbyggjarane i den vesle sognekommunen har lensmannskontoret si side blitt lagt merke til. Kent Lægreid meiner det er svært positivt at politiet vel å vere synlege på ein arena folk flest brukar mykje tid på.

– Eg synst det er heilt topp.

I Sogn og Fjordane er Årdal eitt av seks lensmannskontor som er på Facebook. Det forstår ikkje Lægreid heilt.

– Det er litt dårleg, eg synst fleire burde følgje etter. Du får eit heilt anna inntrykk av politiet trur eg når dei er synlege. Alle er jo på Facebook i dag, seier han.

Sambygding Hanne Øren er av akkurat same oppfatning.

– Det er noko med at tidene forandrar seg. I staden for at det med politiet skal bli sånn skremselsgreier, så trur eg det er veldig greitt at dei er meir imøtekommande, seier ho og applauderer politiet sin bruk av Facebook.

– Overraskar det deg at Årdal lensmannskontor er eitt av dei få kontora i Sogn og Fjordane som er på Facebook?

– Kanskje dei prøver å vere litt forut? Og viser at det ikkje er så dumt. Kanskje om nokon byrjar så kan det spreie seg litt?

Kjem tettare på folket

Polititenestemenn som har trafikkontrollar eller går ordensteneste i seine nattetimar er ein tydeleg del av det folk flest snakkar om det synlege politiet.

Alf Tore Meling

DIGITALISERT: Ein del av det synlege politiet er digitalisert i 2016, meiner Alf Tore Meling.

Men i 2016 er delar av det synlege politiet også digitalisert, meiner Alf Tore Meling som er ekspert på sosiale medium i offentleg sektor.

– Eg meiner det er veldig viktig at lensmannskontor er på Facebook. Det er den største kanalen der dei når flest av innbyggjarane, seier Meling.

Han viser til at god kontakt med innbyggjarane er svært viktig for at politiet skal gjere ein god jobb.

– Politiet har forskjellige oppgåver. Dei skal beskytte oss, arrestere dei som må arresterast og legge opp saker for rettssystemet.

– Men det som er viktigast for politiet er faktisk å ha god kontakt med innbyggjarane og arbeide førebyggande, slik at vi unngår kriminalitet. At politiet har fått ein kanal der dei kan vere i direkte kontakt med folk er kjempeviktig, seier Meling.

Vil ikkje sette foten ned

Margrete Halvorsen

NY STRATEGI: Politidirektoratet jobbar no med ein ny strategi for korleis politiet skal bruke sosiale medium, seier kommunikasjonsdirektør Margrete Halvorsen.

Foto: Politidirektoratet

Politidirektoratet har i dag ikkje lagt føringar for kor mykje ressursar lokale politi- og lensmannskontor kan bruke på å vere aktive på Facebook. Det blir no jobba med ein ny strategi for politiet sin bruk av sosiale medium, der målet er at politiet i heile landet skal tilby dei same tenestene på sosiale medium.

Førebels har dei ingen konkrete mål om at fleire politi- og lensmannskontor skal ta i bruk Facebook, seier kommunikasjonsdirektør Margrete Halvorsen i Politidirektoratet.

– Akkurat no er vi ikkje ute med mål eller ambisjonar, nettopp fordi vi prøver å sjå nasjonalt på korleis politiet skal vere til stades på nett. Vi ser på korleis dette skal bli endå meir effektivt, endå likare og endå meir ambisiøst på sikt. Men då må vi forankre det godt og ha eit godt grunnlag for å definere korleis det skal vere.

Samtidig er Halvorsen klar på at dei ikkje kjem til å nekte lensmannskontor som vil ta i bruk Facebook i sin politikvardag.

– Nettopp fordi publikum for lengst er der, så stoppar vi ikkje gode initiativ no. Men vi vil gjerne at dei tek kontakt med oss eller Kripos først, for å hauste av dei erfaringane vi har gjort oss.

Politiførstebetjent Svein Inge Harberg

TIPS OG INFORMASJON: Svein Inge Harberg ved Luster lensmannskontor seier dei brukar Facebook-sida si til å dele informasjon, men også til å be om tips i konkrete saker.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Skulle gjerne brukt meir tid

I Luster har Facebook-sida til lensmannskontoret blitt brukt i snart tre og eitt halvt år. Politiførstebetjent Svein Inge Harberg seier dei har fått svært god kontakt med innbyggjarane gjennom sida.

– Vi har fått inn tips i forskjellige samanhengar som har vore til hjelp i saker, seier han.

– Er dette tips de ikkje hadde fått om de ikkje hadde vore på Facebook?

– Ja, eg trur det er mykje lettare å skrive til oss på Facebook enn å ringe oss. Folk føler kanskje at det må vere litt viktigare om dei skal ringe, seier han.

– Føler du at det er verdt den tida og ressursane de brukar på dette?

– Absolutt. Vi har jo eigentleg brukt for lite tid på sida. Vi kunne vore flinkare til å legge inn ting, slik at det vart endå meir interessant å følgje oss.

Vil dele sine erfaringar

Politiførstebetjent Bjørn Inge Aarsand på Voss er overtydd om at Facebook blir ein del av arbeidskvardagen til fleire lensmannskontor i tida framover.

– Dei som ønskjer å hente erfaringar frå vårt kontor må berre gjere det.

– Eg er heilt sikker på at dette er i tankeprosessen hos mange, så eg trur nok at fleire vil vere synlege på Facebook i løpet av veldig kort tid.