Hopp til innhold

Vil ha firefelts bru over Nordfjorden

Dei nyaste planane til Statens vegvesen viser at brua mellom Svarstad og Frøholm i indre Nordfjord no blir 1,8 km lang, breiare enn Hardangerbrua og vil komme til å ha fire køyrefelt.

Planar for bru over Nordfjorden

NYE PLANAR: Slik kan E39-strekninga Byrkjelo-Grodås over Nordfjorden bli sjåande ut.

Foto: Planlegging Statens Vegvesen/ visualisert av Multiconsult

Det er i samband med planlegginga av E39 Byrkjelo-Grodås at planane no er lagt fram.

På grunn av større lengde og auka krav til stabilitet, vil vegen få fire køyrefelt over brua, med forbikøyringsfelt.

– Den nye brua vil bli lang og ha eit hovudspenn på cirka 1.550 meter. Det betyr at brua må ha ei viss breidde for å ta det spennet. Den breidda får vi med fire felt, seier prosjektleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

På begge sider av fjorden vil vegen gå direkte frå brua og inn i tunnel. Brufundamentet på sørsida står på dagens fylkesveg 60. Denne vegen vil, når brua blir bygd, bli lagt i tunnel bak brutårnet.

Ikkje laga kostnadsoverslag

Brua mellom Svarstad og Frøholm ville inkludert moms koste 2,7 milliardar kroner, meinte Vegvesenet i 2014. Då var det rekna to køyrebaner.

Slik kan brua over Nordfjorden bli sjåande ut

FIRE FELT: Å ha fire felt over brua vil gjere den meir stabil, med tanke på kor lang brua er.

Foto: Planlegging Statens Vegvesen/ visualisert av Multiconsult

Njøs Slinde kan ikkje enno seie noko om kva brua, slik den står fram på dei nye planane, vil koste.

– Brua er ein del av eit lengre planleggingsarbeid, og vi har kome godt i gong med planlegginga av brua, men det står igjen ein del planarbeid på heile strekninga. Kostnadsoverslaget for heile strekninga kjem vi til å jobbe med våren 2018, seier ho.

Njøs Slinde kan heller ikkje seie noko om kva sjølve brua vil koste.

– Vi tek kostnadsjobben samla og gjer ein grundig jobb der vi tenker både på vegar, tunnelar og dei andre bruene som er med i prosjektet.

– Halverer strekninga

Planlegging av tunnelar og vegar i Byrkjelo, Utvik, Innvik, Markane og Hornindal i samband med prosjektet er også i gong og blir lagt fram seinare.

Den nye E39-strekninga mellom Byrkjelo og Grodås vil halvere lengda på strekninga, og korte ned reisetida til under det halve, hevdar pressemeldinga frå Statens vegvesen.

Forslaget om bruløysinga skal leggast fram for offentleg ettersyn til kommunedelplan og konsekvensutgreiing sommaren 2018. Planen er at forslaget kan vedtakast i dei tre gjeldande kommunane vinteren 18/19.

Slik brua over Nordfjorden kan bli sjåande ut

BILLEGARE: Alternativet med bru mellom Anda-Lote ville vere dyrare enn denne strekninga, meinte Vegvesenet då vedtaket om bru på strekninga Byrkjelo-Grodås blei vedteke.

Foto: Planlegging Statens Vegvesen/ visualisert av Multiconsult