Hopp til innhold

Vil ha færre oppdrettsanlegg på Vestlandet

Havforskningsinstituttet vil fjerne 60 oppdrettsanlegg på Vestlandet fordi dei trur det vil hjelpe på utfordringane med lakselus.

Laks i merder

KAN BLI FÆRRE ANLEGG: Havforskningsinstituttet trur at færre anlegg kan bidra til å få kontroll med smitten av mellom anna lakselus.

Foto: Mowi

I dag finst det rundt 167 oppdrettsanlegg frå Karmøy til Sotra i det som er produksjonsområde 3 i Noreg. Det var Bergens Tidende som først skreiv om saka.

I dag møttest aktørar i oppdretsnæringa for å diskutere forslaget om å fjerne 60 anlegg mellom Karmøy og Sotra, inkludert den utsette Hardangerfjorden.

Geir Lasse Taranger

VIL HA FÆRRE ANLEGG: Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet meiner 60 anlegg bør fjernast.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Geir Lasse Taranger i Havforskingsinstituttet seier dei ser på dette området fordi det er mange anlegg på eit lite område.

– Vi ser det er store utfordringar med virussmitte, og det er vanskeleg å få kontroll på lakselus-situasjonen. Vi ser på dette som ein måte å få ned smitten og dermed betre fiskevelferd og påverknad på fisken.

Han seier at sidan det er så tett med anlegg i denne regionen, er det lett for at smitte går frå eit anlegg til eit anna.

– Våre analysar viser at vi kan få ein drastisk reduksjon i smitte om vi tek ut nokre av dei mest problematiske lokalitetane.

Fleire verkemiddel

Han seier dei no må finne ut kva anlegg som toler større produksjon.

– For om vi skal fjerne anlegg, må også andre anlegg kunne produsere meir. Vi håpar dette vil betre situasjonen i næringa og bidra til ein berekraftig vekst og auka produksjon.

Det er Fiskeridepartementet som har bestilt utgreiinga om å redusere talet på anlegg. Havforskingsinstituttet skal levere ei fagleg vurdering i løpet av våren. I dag har dei hatt møte med oppdrettsnæringa for å få innspel på kva slags anlegg dei meiner toler større produksjon.

Likar forslaget

Eivind Nævdal-Bolstad

LIKAR FORSLAGET: Kommunikasjonssjef Eivind Nævdal-Bolstad i Mowi.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Landets største sjømatsselskap er positive til forslaget. Kommunikasjonssjef Eivind Nævdal-Bolstad i Mowi seier dei i utgangspunktet tykkjer at forslaget er godt.

– Det er openbert at det på Vestlandet trengst å tenkjast nytt om lokalitetsstruktuen i oppdrettsnæringa. Vi har jobba lenge for at vi bør ha færre, men betre lokalitetar her.

Han trur dei skal kunne halde oppe eller auke produksjonen på Vestlandet dei neste åra. Då er dei avhengige av ein heilt ny struktur med større og betre anlegg.

– Hordaland er ein av dei mest utfordrande stadene når det gjeld lakselus og anna smitte. Vi tykkjer difor det er godt at dei startar nettopp her.

Nævdal-Bolstad seier det er avgjerande at både dei små og dei store aktørane, kommunar, Mattilsynet og direktoratet er med. Han fryktar ikkje for arbeidsplassar.

– Det trur eg ikkje. Vi får større anlegg og vi treng vi folk til å drive dei. Større anlegg stiller strengare krav til tryggleik, drift og alle andre oppgåver som må løysast.