Hopp til innhold

Vil ha dyrare chips og brus

Vi bør legge ein eigen skatt på dei mest usunne matvarene, meiner førsteamanuensis John Roger Andersen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dyrare chips og brus!
Det meiner forskar John Roger Andersen i Førde er medisinen som må til for å unngå aukande fedme her i landet. 
Han trur at matvareskatt på usunne varer, vil gje ein betydeleg helsegevinst .

Brus og Chips

Han syner til at nesten 20 prosent av 8-9 åringar har overvekt eller fedme, og hushaldningane brukar i gjennomsnitt 20 prosent av matbudsjettet til søtsaker.

Han meiner difor vi bør innføre matvareskatt på varer som chips, brus, rødt kjøtt, pølser og pommes frites. Han viser til ein amerikansk studie som har fylgt matvanane til menn og kvinner i fire år. Brus og chips var begge varer som førte til vektauke hjå desse personane.

John Roger Andersen

FOR BILLEG: John Roger Andersen meiner brus og chips er for billeg.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK


– Subsidier sunn mat

Desse matvarene gir også auka risiko for hjarte- og karsjukdomar og kreft, også hjå dei som ikkje er overvektige.

– Pengane som kjem inn kunne vi ha brukt til å subsidiere sunn mat, eventuelt gi skuleborn eit veldig sunt måltid kvar dag, seier Andersen.

Helsesøster og fagleg leiar ved Førde helsestasjon, Lillian Vassbotten, meiner førebygging er det viktigaste for å bekjempe overvektsproblemet, men at Andersen sitt framlegg kan vere eit viktig steg i rett retning.

Lillian Vassbotten

FØREBYGGING BEST: Helsesøster Lillian Vassbotten.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK


– Livsstilendring er vanskeleg

Ho seier og at: I dei familiane der det er etablert eit fedmeproblem, er det vanskeleg å få til ei livsstilsendring, og det krev mykje av heile familien.

Matvarene er lett tilgjenglege, og både Andersen og Vassbotten meiner sjølve kosen ikkje berre er sett av til ein dag lenger. Vi kosar oss meir og kjøper meir usunne matvarer.

John Roger Andersen meiner idéen hans om å gjere usunne matvarer dyrare er fullt mogeleg å gjennomføre dersom politikarane vågar.

– Men då treng vi politikarar som ikkje berre ser fram til neste val, dei må sjå fram til neste generasjon.

Colaflasker

USUNT OG FOR BILLEG: Coca Cola er mellom varene Andersen vil ha skatt på.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK