Hopp til innhold

Vil ha dokker som snakkar nynorsk

Tre år gamle Tiril elskar å leike med dukka som kan seie over 100 setningar. Men dokka snakkar berre bokmål.

Lillian Norevik

ØNSKJER NYNORSK DOKKA: Lillian Norevik ønskjer at jentene hennar skal få dokker som snakkar nynorsk. Her med den minste jenta på fanget. Treåringen var i barnehagen då biletet blei teke.

Foto: Torstein Lund Eik / NRK

No etterlyser mamma Lillan Norevik leikedokker som snakkar nynorsk.

Dokke

PÅ BOKMÅL: Dokka kan seie over 100 setningar – på bokmål.

Foto: Torstein Lund Eik / NRK

– Det hadde vore stilig å fått litt meir dialekt eller nynorsk på det. Det er mykje «jeg» og pen bokmål, seier ho.

2013 er det store språkåret, der det språklege mangfaldet i landet skal feirast. For språkleg mangfald har vi verkeleg her i landet, med alle slags typar dialektar i alle delar av landet.

«Jeg er så sulten»

Men dette mangfaldet er likevel ikkje til stades over alt. I leikebutikkane er det eitt språk som herskar over dei andre – iallfall blant dei leikene som kan snakke.

«Jeg vil lære å stå på skateboard» og «Jeg er så sulten» er mellom setningane dokka seier.

– Jentene mine høyrer jo på dokka og hermar etter det som har blitt sagt. Det blir ofte ei blanding av «eg» og «jeg», seier ho.

Ville kjøpt dokke som snakkar nynorsk

Dokka høyrest nesten ut som det er ei fin frue på Frogner som snakkar. Etter at døtrene fekk den i julepresang, så fekk Lillian Norvik ein litt annleis tanke.

Dersom ho kunne velje mellom ei dukke som seier "sola skin" i staden for "solen skinner", så hadde valet vore klar.

– Eg hadde i alle fall kjøpt ei dokke som snakkar dialekt, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Larsen

TRUR DET BLIR FOR DYRT: Arne Larsen ved leikebutikken Gyngehesten, trur ikkje det kjem dokker på nynorsk.

Foto: Torstein Lund Eik / NRK

– Lite truleg

Skal vi tru Arne Larsen som driv leiketøybutikken Gyngehesten, så ser det skummelt ut for dokker som seier "eg" i staden for "jeg".

– Det har med kostnader å gjere. Det ville blitt dyrt dersom vi skulle ha meir enn bokmål her i Norge, seier han.

– Trur du det finst ein marknad på leikar på nynorsk?

– Ja, det kan hende, men det er ikkje stort.

– Har nokon spurt etter dokker som snakkar nynorsk?

– Nei, du er den første, seier Larsen.

– Som ein middels tysk by

Gro Svendsen er administrerande direktør i leiketøyskjeden Ringo. Ho kan fortelje at språkkampen er stor i produksjonen av slike dokker.

– Norge har vel ei befolkning som ein middels tysk by. Når vi skal lage slike chiper som skal vere inni leiketøya, så må det lagast mange tusen. Vi slåst allereie i dag om å få det på bokmål. Skulle vi laga på dialektar, ville nok produkta blitt veldig dyre