Hopp til innhold

Vil ha diskusjon om bokbåten

SV meiner det ikkje var ein debatt om pengane som gjekk til Grand Prix. Dei vil heller gje dei til bokbåten.

Norvall Nøringset

VIL HA DEBATT: Norvald Nøringset frå SV meiner pengeløyvinga til Grand Prix-arrangementet i Florø i januar burde vore debattert.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Det som irriterer meg og SV er at dei ikkje vil gå inn i ein diskusjon om prioriteringane, seier Norvald Nøringset, SV.

Finn ikkje pengar

Bokbåten Epos

KAN FORSVINNE: Bokbåten kan forsvinne sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje vil vere med å betale drifta.

Foto: Bokbåten

Politikaren er oppgitt over at fylkestinget fann 900 000 kroner til delfinalen i Melodi Grand Prix i Flora, samstundes som dei ikkje finn 600 000 kroner til drift av bokbåten.

Nøringseth seier pengane til løyvingane til Grand Prix vart gjort utan debatt.

Fylkesutvalet visste at løyvingane til delfinalen ville gå ut over andre ting, meiner Nøringset.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Ingen diskusjon

Bokbåten i Hordaland 1959

TRADISJON: Bokbåten har gått langs kysten i fleire tiår. Her ligg båten til kai i Hordaland i 1959

Foto: Gunnar Askeland

- Når ein har ein million til disposisjon og gjev pengane til Grand Prix er det ikkje andre som kan få dei. Det var ingen diskusjon om det var viktigare ting å bruke pengane på.

Forrige veke vedtok hovudutval for kultur å kutte løyvinga på 600 000 kroner frå Sogn og Fjordane.

Bokbåten er er eit samabeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Dei to andre fylka har signalisert at dei vil gjere det dei kan for at bokbåten skal overleve.

Kritisk til prioriteringa

Nils R. Sandal

VART DEBATT: Fylkesordførar Nils R. Sandal meiner det har vore ein debatt om pengane som gjekk til delfinalen i Florø

Då fylkestinget i fylket løyva pengane til Grand Prix åtvara både KrfU og SV om at andre, og betre tilbod, ville bli råka på bekostning av delfinalen.

- Det er feil prioritering, seier Nøringset.

- Det vart diskutert i fylkesutvalet då vi løyvde pengane. Og det var ei klar haldning i utvalet. Eg meiner dette har vorte behandla på ein seriøs og god skikkeleg måten, seier fylkesordførar Nils R Sandal.

Han avviser at politikarar har blitt blenda av merksemda rundt Grand Prix.

- Nei, det trur eg ikkje. Arrangementet har ein kulturell verdi innanfor sin sjanger, og fleire stader har mobilisert.

Grand Prix i Oslo spektrum

GOD TRU: Florøværingar gler seg til dellfinalen, og håpar det vert fult hus når den går av stabelen i januar.

Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.