Vil ha bybanen over Bryggen

Fleirtalet i samferdsleutvalet i Vestland støttar at bybanen mot Åsane bør gå framfor Bryggen, det såkalla dagalternativet. Ap, Sp, MDG, KrF og SV ynskjer alle å skrinlegge tunnelalternativet, skriv BT. Bystyret i Bergen skal vedta trase for bybanen 24. november.