Hopp til innhold

Vil ha bokbåten på statsbudsjettet

No går biblioteksorganisasjonane saman i kampen for at bokbåten EPOS skal få leve vidare.

Bokbåten Epos

SLUTT? Kanskje er det ikkje heilt slutt, for no vil bibiotekorganisasjonane kjempe for at løyvingar over statsbudsjettet framleis skal gjere at båten kan legge til kai i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi er veldig skuffa over at fylkestinget i Sogn og Fjordane legg ned bokbåten, og vi prøver no å få bokbåten inn på statsbudsjettet for 2016, seier Margunn Haugland, leiar i Bibliotekarforbundet, til NRK.

I ei felles pressemelding krev Bibliotekarforbundet og Norsk Bibliotekforening at båten skal få leve vidare.

Viktig for leselysta til born og unge

I over 51 år har båten segla innom krikar og krokar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. I tillegg til å vere eit bibliotek til folk i bygder og grender, har innbyggjarane også fått tilbod om andre kulturelle opplevingar om bord i båten.

– Dette er eit av dei viktigaste lesestimuleringstiltaka for barn og unge i utkantdistrikt der det er svake bibliotektilbod. Så båten har vore viktig i over 50 år, og å legge det ned er utruleg synd, seier Haugland til NRK.

Har tru på støtte

Dei startar jobben umiddelbart.

– Vi tek no kontakt med departementet for å prøve å få politikarane med på dette. For det er eit veldig viktig regionalt tilbod vi ønsker å oppretthalde, seier Haugland.

– Har de tru på å kome inn på statsbudsjettet i 2016?

– Det er jo mange regionale tiltak som er inne på statsbudsjettet. Så vi håpar å kome inn. Vi kan ikkje gje oss, vi har akkurat begynt.