Vil ha betre merking

Fjellvandrarane vil ha betre merka stiar i Stølsheimen, skriv Sogn Avis. Ønsket kjem fram i ei brukarundersøking blant over tusen turgåarar i Stølsheimen landskapsvernområde. Det er spesielt tydelegare merking til fjelltoppane i området turgåarane dreg fram. Resultata frå undersøkinga skal brukast i arbeidet med å lage ein besøksstrategi for fjellområdet.