Forslaget som Ap no skal ha kasta på bordet i debatten om bybane- og tunnelutbygging i Bergen sentrum, opnar opp att for å bygga ein forlenga Fløyfjellstunnel.
Ifølge Bergens Tidende skal Ap ha føreslege å droppa Skansentunnelen i sentrum. Tunnelen, som også går under namnet Bymiljøtunnelen, er meint å sikra ein bilfri Bryggen. Men partiet meiner pengane heller bør nyttast på å forlenga Fløyfjellstunnelen.
– Ein av tinga vi vil prioritera i forhandlingane er å få på plass ei betre trafikkløysing i Ytre Sandviken, seier Ap sin fraksjonsleiar i byutviklingskomiteen, Geir Steinar Dale.
– Gjer same nytta
Å forlenga Fløyfjellstunnelen og heller la ein ny bybanetrasé mot Åsane gå i det sørgåande løpet av dagens motorveg i Ytre Sandviken, har lenge vore ein del av diskusjonen.
Høge kostnader har gjort at Høgre og Frp har skrinlagd alternativet, men det kan bli prisen dei to partia må betala om dei skal få med seg Arbeiderpartiet på bybanetunnel ved Kjøttbasaren i sentrum.
- LES OGSÅ: | |
Dale i Ap meiner ein kan spara sentrum for Skansentunnelen, fordi ein forlenga Fløyfjellstunnel i hans auge vil gjera same nytta.
– Bymiljøtunnelen er tenkt å koma ut i området ved Bystasjonen, ikkje langt frå utløpet til Fløyfjellstunnelen. Får vi bygd nokre avkøyringsramper frå Sandviken og inn i Fløyfjellstunnelen, vil det gjera same nytta.
– Då kan ein bruka pengane ein sparar på ikkje bygge sentrumstunnnel til Fløyfjellstunnelen, seier Dale til BT.