Vil ha eigen barneskule på Brann Stadion

Frå hausten av kan det bli meir enn grunnleggande fotball-ABC på Brann Stadion.

Brann stadion

HER BLIR DET SKULE: DaVinci Montessoriskole har fått ja til å ha skuledrift i Sparebanken Vest-tribunen på Brann stadion.

Foto: Alasdair McLellan / Wikimedia Commons

Inne i den nokså nye Sparebanken Vest-tribunen på nordre langside av Stadion er det søkt om å få driva meir enn VIP-losjar og pub.

DaVinci Montessoriskole, som no held til eit par steinkast unna, har søkt om å få bruka ein del av tredje etasje til sin barneskule med vel 20 elevar.

Søknaden handlar om drift av skule og SFO, og vart først avslått av Bergen kommune. Årsaka var at kommunen meinte det var krav til dispensasjon frå reguleringsplanen for å starta drift av skule i bygget.

Skole på Brann Stadion

UNDERVISNING: Det er søkt om å få nytta lokale i tredje etasje til drift av skule. Byrådet gir mellombels dispensasjon.

Foto: Faksimile av søknad

Klaga på vedtak

I klagen skriv søkjaren at etablering av skule ligg nært opp til dei bruksformåla som er tillate i reguleringsplanen. Og etter at vedtaket vart klaga på i januar har altså kommunen snudd.

Sist tysdag kom innstillinga frå byråd for byutvikling, klima og miljø Filip Rygg (KrF) om at det vert gitt mellombels dispensasjon fram til 31. desember 2015.

"Byråden meiner anlegget er tilfredsstillande som undervisingslokale, og meiner det vil bli utnytta på ein god måte ved at det vert gitt ein mellombels dispensasjon til skuledrift"

Skulen skriv i sin søknad at ein vil nytte eksisterande anlegg for parkering og ledige uteareal. Dei har inngått ein 2-årig avtale med kommunen om å få nytta uteareala som høyrer til idrettsanlegget på Nymark.

– Eignar seg til skule

Filip Rygg seier til NRK at området eignar seg godt til skuledrift, og at byrådet ser positivt på løysinga med skule på stadion.

– Det eignar seg godt for barn og unge og vi har allereie ein god barnehage i området. Denne skulen trengde lokale og her har ein funne ei fornuftig løysing på Brann stadion.