Denne vegen skal etter planen vere i bruk

Det er ikkje uvanleg at gamle vegar berre blir liggande, seier Statens vegvesen. Men varslar at dei vil sjå på «spøkelsesvegen» på ny.

Utanfor støylsnestunnelen

STORE SKADAR: Den gamle vegen ber preg av store skadar frå steinane som har falle ned, dei siste åra.

Foto: Kjell Kjøsnes

Elleve år etter at Støylsnestunnelen stod ferdig, ser Kjøsnesfjorden i Sunnfjord ut som ein katastrofefilm, melde NRK tidlegare i veka.

Ein video viser kampesteinar langs midtrabatten, og tre og busker som et seg inn frå vegskuldrene. Som i eit postapokalyptisk scenario, der naturen sakte slår tilbake.

No reagerer fleire på at ingen tek ansvar for å rydde vegen.

RASFARE: – Her ser du kvifor vi lager tunnelar på Vestlandet, seier Rune Venes som filma strekninga med drone.

– Må rydde opp etter seg

– Når Statens vegvesen legg ned vegar som er farlege, må dei også rydde opp etter seg, seier Atle Hamar (V), medlem i Sunnfjord kommunestyre og tidlegare statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

I tospann med Ola Elvestuen (V) leia han fram til i vinter regjeringa sitt arbeid med sirkulærøkonomi – om gjenvinning og gjenbruk av materialar.

Etter planen skal den nasjonale strategien leggjast fram i slutten av 2020.

Hamar kontrasterer forvaltinga av «spøkelsesvegen» i Sunnfjord med samvitet som vart lagt for dagen då han nett fekk utført eit stykke arbeid på sin eigen eigedom.

– Då tok den 20 år gamle gravemaskinkøyraren med seg rubbel og bit til gjenvinningsstasjonen – for å skilje sement og armeringsjern.

Atle Hamar

MÅ RYDDE OPP: – Når Statens vegvesen legg ned vegar som er farlege, må dei også rydde opp etter seg, seier Atle Hamar (V).

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Ei skam at det offentlege ikkje ryddar opp etter seg

Fylkespolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) kallar vegstrekket langs Kjøsnesfjorden «ei skam», og minner om kva slags krav som stillast til private utbyggarar.

– Vi stiller store krav til private om tilbakeføring, mellom anna for vindkraftanlegg og andre industrianlegg etter konsesjonsperiodane er over. Men når det gjeld det offentlege blir både bygg og infrastruktur liggande å forfalle og sjenere i naturen og miljøet.

I energilovforskrifta heiter det at vindkraftveskene skal tilbakeføres til naturens opphavlege tilstand, så langt det lar seg gjere.

Frank Willy Djuvik

EI SKAM: Fylkespolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) kallar vegstrekket langs Kjøsnesfjorden «ei skam», og minner om kva slags krav som stillast til private utbyggarar.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

Brukast til saueleiting

Vegen er i dag eigedommen til staten, og Statens vegvesen sitt ansvar.

Vegen er ikkje fjerna – fordi han er i bruk, forklarer dei.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier det vart gjort ei risikovurdering då tunnelen blei opna om at han skal brukast av grunneigarane i området – «til dømes ved saueleiting».

– Difor har det kanskje ikkje vore tanke på å fjerne han umiddelbart.

Konfrontert med videoen varslar han ei ny vurdering – i samråd med grunneigarar.

– Når ein no ser at det er store skader på vegen, så mykje at den heller ikkje let seg bruke av grunneigarar, så kan det vere aktuelt å fjerne slike ting som asfalt og rekkverk.

– Er det vanleg at gamle vegar berre blir liggande slik utan at dei blir fjerna?

– Ja, det er ikkje uvanleg.

Svenn Egil Finden

SAULEITING: Svenn Egil Finden, seier det vart gjort ei risikovurdering då tunnelen blei opna om at han skal brukast av grunneigarane i området – «til dømes ved saueleiting».

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rassikring det viktigaste

Stortingskandidat for Senterpartiet, Erling Sande, meiner det hadde vore naturleg å fjerne asfalt og autovern om vegen uansett ikkje skal nyttast til ferdsel.

– På den andre sida kunne det jo tenkjast at den var nyttig dersom det hende noko i tunnelen, men då måtte den jo ha vore råd å ta seg fram på.

Fylkestingspolitikar Trude Brosvik frå KrF seier at «rekkverk og slikt som er miljøureining bør ryddast bort», men at det viktigaste trass alt er å prioritere rassikring av vegar som er i bruk.

– Likevel, det at vi gjennom denne videoen kan sjå̊ kor gale det er, har ein verdi.

leder Erling Sande (Sp) i Stortingets energi- og miljøkomite.

BEREDSKAP: Stortingskandidat for Senterpartiet, Erling Sande, meiner vegen kunne bore nyttig dersom det hende noko i tunnelen - "men då måtte den jo ha vore råd å ta seg fram på."