Hopp til innhold

Vil greie ut kommunalt mottak

Arbeidarpartipolitikar Helge Robert Midtbø meiner Førde kommune bør greie ut korleis kommunen sjølv kan drive asylmottak, det skriv Firda. Forholda på mottaket i kommunen vart diskutert under eit formannskapsmøte denne veka. Det skjedde etter at ein ungdomspolitikar i AUF hadde dokumentert det han meinte var kritikkverdige forhold. Både Hero, som driv mottaket i Førde, og UDI har blitt kopla inn i saka.