I går skreiv NRK om dei nye automatiske straummålarane som alle husstandar skal ha innan fire år. Ved å innføre denne såkalla «smarte straummålaren» håpar straumselskapa at folk skal spreie straumforbruket sitt ut over større deler av døgnet.
BAKGRUNN:
VIL HA KØPRISING: – Ved å setje opp prisen på nettleiga ekstra mykje i dei tidene på døgnet der det er viktig å få forbruket ned, kan det få folk til å flytte forbruket sitt, seier Hans Terje Ylvisaker.
Foto: Leif Rune Løland / NRKMen slik straumprisane er i dag, har folk lite å spreie på å flytte straumforbruket frå dag til natt, meiner programsjef for smartstraumsatsinga til 25 norske nettselskap, Hans-Terje Ylvisaker.
Nettselskapa meiner difor at nettleiga må bli mykje dyrare på morgonen og rundt middagstider, når nordmenn brukar mest straum.
– Ved å setje opp straumprisen ekstra mykje i dei tidene på døgnet der det er viktig å få forbruket ned, kan det få folk til å flytte forbruket sitt, meiner Ylvisaker.
– «Køprising» kan gje prisauke på 20.000
Forskar Ingrid Foss Ballo ved Universitetet i Bergen har studert kva moglegheiter og utfordringar det gir når alle hus i Norge innan fire år skal få såkalla smart straummåling.
– I prinsippet vil det bli dyrare å lage middag klokka fire, eller å bruke straum klokka 8 om morgonen når alle står opp.
Verken politikarar eller kraftbransjen snakkar særleg høgt om å skru opp nettleiga i dei timane nordmenn brukar mest straum, seier Ballo. Ho har funne lite skriftleg arbeid på dette, men seier folk i bransjen snakkar om at det trengst svært mykje dyrare straum i dei mest belasta timane i døgnet.
– I nettselskapa snakkar ein om at for å få folk til å flytte straumbruken sin, bør ein å innføre prisar som gjer at folk kan spare 20.000–30.000 i året dersom dei brukar mindre straum i «rushtida».
I så fall kan det bli over 20.000 kroner dyrare straum i året for ein familie som brukar mykje straum på morgon og rundt middagstider.
LES OGSÅ: Datatilsynet er skeptisk til nye straummålarar
– BLIR DYRARE: Forskar Ingrid Foss Ballo ved Universitetet i Bergen har studert kva moglegheiter og utfordringar det gir når alle hus i Norge innan fire år skal få såkalla smart straummåling.
Foto: Leif Rune Løland / NRKMerksam på problemstillinga
Det er fordi det nett no er lite å spare på å flytte straumforbruket sitt til andre tider av døgnet, at straumbransjen altså ønskjer å auke nettleiga dei tidene der folk brukar mest elektrisitet. Det er nemleg dyrt å bygge straumnett som toler «rushtida».
– Eg trur også myndigheitene våre ser at dei må på bana og få på plass køprising.
Politisk rådgjevar i Olje og Energidepartementet, Elnar Remi Holmen (Frp), er merksam på problemstillinga.
– Eg er klar over at nokre nettselskap jobbar med utfordringane knytt til effekttoppar i nettet. Smarte straummålarar gjer det mogleg å måle effektuttaket hos forbrukarane og eventuelt innføre såkalla køprising. Dette er også ei problemstilling NVE nå ser nærare på
NY MÅLAR: Med ein slik skal folk kunne styre straumforbruket sitt betre, meiner nettselskapa.
Foto: Gard Brox JenssenLES OGSÅ: