Hopp til innhold

Vil gjere dalen meir attraktiv

Den er kåra til åstad for ein av landets flottaste fotturar. No vil aurlendingane satse på å ruste opp ferdselsvegar og opne opp for meir overnatting i Aurlandsdalen.

I år er det 150 år sidan sprengingsarbeid kring Sinjarheimsgalden gjorde Aurlandsdalen frå topp til botn tilgjengeleg for alle. No skal eit nytt prosjekt setje den vakre og ville dalen på dagsorden enda meir på dagsorden igjen.

– Aurlandsdalen er ein juvel som ikkje vert marknadsført og utnyttta til beste for kommunen. Det naturvakre dalføret har eit potensiale både med omsyn til auka aktivitet, verdiskaping og sysselsetjing, seier Kristin Sønnerheim og Bjørn Vike til bladet Aurlendingen.

Tapar mot Skåla

Dei to har teke initiativet til å setje fokus på dalen, og med seg på laget har dei fått Nærøyfjorden Verdsarvpark. I byrjinga av februar vert alle invitert til stort møte og idédugnad om prosjektet.

– Det er fleire grunnar til at vi no engasjerer oss i dette. Vi ser at dalen no tapar i konkurranse med andre turmål som til dømes Skåla, seier dei to og syner til at storsatsinga i Loen gjev ringverknader også for lokalt næringsliv.

– Fortener større merksemd

Dei peikar på at mindre bruk av ferdselsårene gjennom dalen har ført til mindre vedlikehald og skjøtsel. I følgje Aurlendingen er deler av vegen gjennom dalen i ferd med å forfalle og at gamle alternative stiar gror att.Topptur til Skåla

– Dalen fortener rett og slett større merksemd, og det må mobiliserast på breiare front. Trenden er at færre går. Det vert stadfesta av næringslivet. Vi må snu denne trenden, og det gjer vi gjennom å behandle Aurlandsdalen som den juvelen den, seier Bjørn Vike til bladet.