Hopp til innhold

Vil gje han fleire kollegaer i NVE

Ved ein ny Vestlandsregion meiner dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Stein Joar Hegland, at NVE bør flyttast til Førde. Det kan gje regionsleiar Brigt Samdal fleire kollegaer på kontoret.

Brigt Samdal under skredkart-presentasjon i Lærdal

KAN BLI SJEF FOR FLEIRE: Regionsleiar for NVE sitt kontor i Sogn og Fjordane, Brigt Samdal, kan få fleire kollegaer om Hegland får det som han vil.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi kjenner på mykje av utfordringane med ras, skred og klimautfordringar. Her får vi kjenne dette på kroppen, medan det er fjernt for dei i Oslo, seier dekan for Ingeniør- og Naturfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Stein Joar Hegland.

Kravet frå politikarane i fylket var klokkeklart, då dei gjekk ut og kravde at statlege arbeidsplassar vart flytt frå Oslo til Sogn og Fjordane ved ny vestlandsregion.

Stein Joar Hegland

VIL HA NVE TIL FYLKET: Stein Joar Hegland vil flytte NVE frå Oslo til Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Hegland meiner Noregs vassdrag- og energidirektorat bør vere noko av det første som vert flytta. Då er det heilt naturleg at direktoratet har tilhaldsstad på Vestlandet, seier Hegland.

– Vi produserer veldig mykje energi som blir transportert til andre delar av landet og til utlandet. Då treng vi nokon som forstår dette og er tettare på der det skjer.

Tettare på der det skjer

Sterkare regionar kan godt bety fleire statlege arbeidsstader, meiner Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp). Navarsete vil støtte oppom alle forslag som gjeld utflytting av arbeidsplassar frå Oslo.

– NVE kan og bør utvidast. Desse arbeidsplassane har ingenting i Oslo å gjere.

Det ligg eit stort arbeid framfor dei som forhandlar om ein ny Vestlandsregion, meiner Navarsete. Ho fryktar at Bergen vil ende opp med dei statlege arbeidsplassane som i dag allereie er i fylket.

– Det er veldig mange ulike organisasjonar og etatar som er etablert i alle dei tre vestlandsfylka. Det er lite truleg at dei vil vere sikra, og det er stor fare for at større etatar som fylkesmann og mindre som NHO kan bli slått saman på tvers av regionane.

Liv Signe Navarsete

FLEIRE TANKAR SAMTIDIG: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner ein må kjempe for arbeidsplassane som allereie finst, samtidig som ein må få nye til fylket.

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Difor meiner Navarsete at ein må kjempe for arbeidsplassane som allereie finst, samtidig som ein må få nye til fylket.

– Her må ein ha fleire tankar i hovudet samtidig. Det er ikkje hjelp i å få nokre arbeidsplassar, om ein mister fleire.

Kan by på gevinst

Stein Joar Hegland meiner at NVE vil kunne tene på å flytte arbeidsplassane frå Oslo til Vestlandet.

– Oslo er dyrt. Tettstader i distrikta kan drive minst like effektivt, så det er kanskje ein effektiviseringsgevinst i dette.

Hegland ser for seg fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, og spesielt i Førde dersom NVE blir flytta til fylket.

– Vi har allereie eit regionkontor i Førde. Det går an å bygge opp rundt dette på Vestlandet, avsluttar Hegland.