Hopp til innhold

Vil gje flyktningar førarkort slik at dei ikkje flyttar til storbyen

LÆRDAL (NRK): Dårleg kollektivtilbod og frykta for at flyktningane skal flytte til storbyar som Bergen og Oslo, gjer at Senterpartiet no vil gje flyktningane i Lærdal kommunale pengar til førarkort.

Jamal Amini og John Bøthun Liøen

VIKTIG MED FØRARKORT: Jamal Amini og flyktningkonsulent John Bøthun Liøen er einige om at det er viktig for flyktningane i Lærdal å ha førarkort for å kunne bruke heile kommunen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Kollektivtilbodet er ikkje tilpassa, og vi ser at dei er avhengige av sertifikat for å få kvardagen til å gå rundt, seier Viktor Yttri, lokallagsleiar i Lærdal Senterparti.

Han og partiet i Lærdal vil finne ei ordning for å gi flyktningane førarkort. Slik håpar dei at flest mogleg vil bli buande i kommunen.

Forslaget blir godt tatt imot av dei som no kan få pengar til førarkort.

– Eg trivast i Lærdal og det er godt for borna å bu her, men eg treng sertifikatet, slik at ein kan kome seg til jobb og skule, seier Johan Rame frå Syria.

Han bur på Lærdalsøyri saman med kona Judy Ramo og sonen på halvanna år. Familien vart busett i Lærdal i januar. Rame snakkar godt norsk og har deltidsjobb på Kiwi, men har ikkje fått førarkort i Noreg ennå.

– Det er veldig dyrt og det finst heller ikkje køyreskule her i Lærdal, så det er vanskeleg, seier Rame.

Judy Ramo og Johan Rame

VIL BU I LÆRDAL: Judy Ramo og Johan Rame vil gjerne bu i Lærdal, men seier det er vanskeleg utan å kunne nytte seg av bil.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Vil halde på flyktningane

Viktor Yttri i Senterpartiet meiner det er eit viktig forslag dei no kjem med.

Det er viktig for integreringa at vi tek oss råd til dette no, slik at flyktningane blir meir sjølvhjelpne og kjem seg inn på arbeidsmarknaden.

I Lærdal bur det om lag 2200 innbyggjarar. 62 av dei er busette flyktningar. Yttri håpar at forslaget kan få flyktningane til å bli buande i kommunen.

– Ein kan nok tenkje seg til at dei blir buande dersom dei får teke sertifikatet. I distrikts-Noreg er ein avhengig av bil for å kome seg rundt til arbeid og fritidsaktivitetar, seier Yttri.

Viktor Yttri

NYTT FORSLAG: Viktor Yttri (Sp) håpar at han vil få med seg fleirtalet i kommunestyret på å gi førarkort til flyktningar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Blir enklare å flytte vekk

Innvandringspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Jon Engen-Helgheim, syntest ikkje noko om forslaget. Han trur det vil verke mot sin hensikt.

– Dette er veldig rart. Eg kan ikkje skjønne at eit slikt forslag vil gje ein annan effekt enn at det berre vil bli enklare å flytte frå bygda.

Helgheim meiner det er for mange støtteordningar i den norske integreringspolitikken, og at dette er nok eit gratis-tilbod.

Stortingsrepresentant Jon Engen-Helgheim (Frp)

UEINIG: Jon Engen-Helgheim trur forslaget vil verke mot sin hensikt.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Vi gjer for mykje utan å stille krav tilbake. Viss kommunen skal stille opp med så mykje pengar, så må alle som står utanfor arbeidslinja få det tilbodet, og det må vere eit krav om at dei kjem i arbeid etter å ha fått sertifikatet.

– Ein må heller gjere alt ein kan for at flyktningane kjem i arbeid – det vil knytte dei til bygda, og det er det som er god integrering, seier han.

Kan busetje seg i heile kommunen

På ein daglegvarebutikk, 10 kilometer frå Lærdalsøyri, er Jamal Amini frå Iran på språkpraksis. Utan sertifikat brukar han mykje tid på å kome seg til og frå jobb.

– Då eg høyrde forslaget vart eg veldig glad, seier han

John Bøthun Liøen, som er flyktningkonsulent i kommunen, trur sertifikatet er viktig for mange av flyktningane.

– Det er jo ikkje akkurat eit sprekt kollektivtilbod her. Så utan førarkort avgrensast til ein viss grad moglegheita for jobb og til å busetje seg i heile kommunen, seier han.