Forslaget frå fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) er av det spontane slaget.
Då ho såg eit NRK-innslag om at heile russekullet i Bodø kommune får gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse fekk ho ein idé.
– Kommunen går inn og betalar for vaksinen til russen. Eg vart begeistra over det, men det er også mykje alvor som ligg i denne saka, seier Hestetun til NRK.
No har ho bestemt seg for å få til det same for heile russekullet i Hordaland.
- Bakgrunn:
SPONTANT: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) vil følgje Bodø kommune sitt eksempel, og gi gratis vaksine til heile russen.
Foto: Sølve Rydland / NRK18 tilfelle i 2017
Kun 40 prosent av avgangselevane ved vidaregåande skular i Norge tok vaksinen i fjor. Samstundes var det 18 tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i 2017.
Vaksinen kostar 400 kroner. Det er mykje pengar for ein ungdom, men ein kostnad kommunane og fylket må ta, meiner Hestetun.
– Det aller viktigaste er at ungdommane vaksinerer seg. Eg skal gjera alt som står i mi makt for å sikra eit opplegg som gjer at flest mogleg tek vaksinen. Uavhengig av storleiken på lommeboka deira, seier Hestetun bestemt.
Stram økonomi
Fleire ting kan føra til den potensielt svært farlege sjukdommen. Virus og bakteriar er vanlegast og dei blir overført gjennom spyttedråpar.
Kyssing og deling av flasker og glas er klassiske døme på at sjukdommen kan spreie seg.
Gruppeleiaren for Høgre i fylkestinget i Hordaland rosar fylkesordføraren for forslaget. Samstundes meiner ho at det ikkje er rimeleg at fylkeskommunen stiller opp for heile rekninga.
– Vi har ein veldig stram økonomi i fylket og vi kan ikkje gjere dette ofte før det blir for mykje. Vi er klare til å ta deler av kostnaden, men det føreset at eit slikt tiltak skjer i samarbeid med kommunane i fylket, seier Silja Ekaland Bjørkly (H) til NRK.
MINNER OM ØKONOMIEN: Silja Ekeland Bjørkly (H) seier Hordaland fylkeskommune har ein stram økonomi og kan ikkje ta heile rekninga.
Foto: Sølve Rydland / NRKVil ha kommunane med
Fylkesordføraren vedgår at ho ikkje veit korleis det spontane forslaget hennar skal finansierast.
Men Hestetun har allereie sett i gong prosessen for å få vaksinen gratis til russen. No ber ho hordalandskommunane om å vera med på eit spleiselag.
– Som fylkesordførar er det ingenting som har prega meg meir enn at russ i russetida får alvorlege mén. Eg vil bidra til at vi får ei anna utvikling og då må ein vera budd på at det vil kosta nokre få kroner, avsluttar Anne Gine Hestetun (Ap).