Hopp til innhold

Vil frakte turistar i likbil

Drosjeeigar Frank Ove Ytredal vil bruke ein likbil som limousin. – Dette kan vi ikkje godta, reagerer samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane.

Mercedes R-klasse, Frank Ove Ytredal

BÅREBIL: Det er ein Mercedes av denne typen drosjeigar og gravferdsagenten vil bruke som limousin. Biltypen er mykje nytta både som drosje og bårebil i Norge.

Foto: Wikipedia Commons/NRK

– Dette er så alvorleg for oss at vi innstiller på at løyvet blir inndratt, seier Ole Ingar Hereid, nestleiar i samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Utanlandske turistar

Det som skulle vere ein sekssetars flott limousin av typen Mercedes-Benz R-klasse, har i ettertid vist seg å vere ein tosetars likbil. Dette inneber at bilen ikkje tilfredsstiller krav til å få limousin-løyve.

No vil fylkeskommunen ta frå drosjeeigar Frank Ove Ytredal i Høyanger løyvet. I tilrådinga til møtet i samferdselsutvalet i neste veke heiter det mellom anna: «Denne saka syner eit klart brot på tilliten mellom løyvehavar og løyvemynde. Det er gitt urette opplysningar som ikkje er retta opp etterpå. Vi reagerer sterkt på denne hendinga.»

Fekk løyve...

Ytredal har drosjeløyve fleire stader. Men han driv også Ytre Sogn Gravferdsbyrå, blomsterforretning, hotell, utleige av hus og bil og bussutleige.

I tilleg har Ytredal altså søkt fylkeskommunen om løyve til å setje inn seter i millionbilen som dei siste åra har vore nytta som bårebil i gravferder. Ytredal sin plan er å frakte utanlandske turistar i bilen.

Fylkeskommunen gav i juli 2009 Frank Ove Ytredal sitt selskap, Ytredal AS, løyve til å frakte turistar og andre med limousin. Ytredal forplikta seg til å nytte ein Mercedes i R-klasse med seks seter til dette. Men då ante samferdsleavdelinga lite om at drosjeeigaren planla å bruke likbilen sin til dette.

Aldri vore borti liknande

Hereid seier det er fleire regelbrot i denne saka.

– For det første er bilen ikkje utrusta slik den skal, og denne bilen er også registrert i eit heilt anna firma enn i Ytredal AS.

– Dette skulle vere ein limousin, men er ein likbil. Er det slik å forstå?

– Ja.

– Har du vore borti noko liknande før?

– Nei, ikkje så lenge eg har jobba i fylkeskommunen. Og det byrjar å bli nokre år, seier Hereid.

Bileigar: – Bilen blir vaska kvar dag

Frank Ove Ytredal avviser at han har gjort noko gale og viser til at han enno ikkje har tatt løyvet i bruk.

Drosjeeigar Frank Ytredal

VIL BYGGJE OM: Etter å brukt bilen i gravferder, vil drosjeeigar Frank Ove Ytredal no frakte turistar i den. - Uproblematisk, meiner han.

Foto: NRK

– Eg kan slå opp seta på bårebilen og registrere den om att som seksseter. Det er ein veldig luksuriøs bil. 30-40 slike bilar blir omregistrert kvart år og går ut på den vanlege marknaden. Dessutan har eg ein heilt maken bil som eg kan bruke som er tre år nyare enn denne bilen. I tillegg har eg ein splitter ny Mercedes S-klasse ståande i garasjen som eg var tenkt å bruke til limousinløyvet.

– Men kva med det etiske og kjenslemessige her, å omgjere ein likbil til limousin?

– Det er vel ikkje noko i vegen for det. Ein bårebil blir reinvaska kvar einaste dag. Når den blir omregistrert er det ein heilt vanleg personbil.

– Så du trur ikkje folk har problem med å setje seg inn i denne bilen som tidlegare har vore brukt som likbil?

– Nei. Absolutt ikkje.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Frank Ytredal og Sogneprinsen

ULIKE SELSKAP: Frank Ove Ytredal driv både drosjer, hotell, bil- og bussutleige. Her fotografert med ein av sine bussar, «Sogneprinsen».

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Brukte gravstøtter i privat mur

Den erfarne gravferdsagenten skapte for nokre år sidan store overskrifter då han brukte gamle gravstøtter til å bygge mur på ein privat eigedom. Gravstøttene hadde framleis inskripsjonane intakt då Ytredal tok hand om dei.

Bygdefolk reagerte likevel sterkt på bruken av gravminna. Ytredal repliserte med å lage ein bauta framfor muren, merka «Klagemuren 1999».

– Det er gjenbruk. Eg snudde gravsteinane, slipte vekk all skrifta og laga ein flott mur. Og den muren heiter klagemuren den dag i dag.

– Men forstår du at folk reagerer?

– Jo, det kan vere. Men gå opp på ein gravplass der gamle gravsteinar ligg knuste og du kan lese halve namnet, er det betre?, spør gravferdsagenten.

Fylkeskommunen kjenner seg lurt

Planen denne gangen var å nytte likbilen som limousin frå hausten av.

Ole Ingar Hereid meiner fylkeskommunen har blitt lurt.

– Nei altså, vi ser vel på det som eit tillitsbrot mellom løyvehavar og løyvemyndigheit. Vi har ikkje fått heilt rette opplysningar når søknaden vart sendt inn.

– Barnsleg, men god reklame

Ytredal vegrar seg ikkje for å slå tilbake mot kritikken.

Mercedes R-klasse

BÅREBIL: Det er ein Mercedes av denne typen drosjeigar og gravferdsagenten vil bruke som limousin. Biltypen er mykje nytta både som drosje og bårebil i Norge.

Foto: Wikipedia Commons

– Eg synest det er barnsleg av samferdslekontoret. Eg kan samferdslelova til punkt og prikke og kunne gjerne halde eit kveldskurs for dei og lært dei korleis samferdslelova er. Eg har ikkje gjort noko gale. Viss dei trekkjer løyve inn att, så kan eg søkje på nytt med eit av mine andre firma, seier Ytredal.

Han vel å sjå positivt på oppstyret.

– All denne reklamen gjer sikkert til at eg får ein enorm omsetnad på limousinløvet mitt. Og dei kan ikkje dra løyvet inn. For eg har ordrett kva eg sa til sakshandsamaren. Viss ikkje har vedkommande hatt mykje øyrevoks, seier Frank Ove Yredal.