Hopp til innhold

Vil flytte dei eldste elevane

Arbeidarpartiet i Vik har kome med eit forslag om å flytte dei tre eldste klassetrinna på Valsvik og Fresvik skule, til dei større skulane. Det skriv Sogn Avis. Partiet meiner dei kan spare to millionar ved å ta det grepet, og dermed redde bygdeskulane i den krevjande budsjettprosessen kommunen er inne i. Vik kommune må gjere langt større innsparingar enn to millionar, men Roy Egil Stadheim i Ap seier til avisa at tiltaket kjem for at Ap skal halde lovnaden sin om å behalde alle skulane i kommunen.

Roy Egil Stadheim
Foto: Noralv Pedersen / NRK