To veker etter at han sa opp stillinga si, tek han i dag bladet frå munnen og vil fjerne dei regionale helseføretaka.
- Unødvendige byråkratiske ledd
Dei regionale helseføretaka vart oppretta då staten fekk ansvaret for sjukehusa frå 2002. Tidlegare hadde fylkeskommunane hatt denne oppgåva. Dei siste vekene har det blussa opp eit nasjonalt ordskifte om organiseringa av sjukehusa. To av dei mest sentrale personane som var med å utarbeide helsereforma vil no fjerne Helse Vest og dei fire andre regionale helseføretaka i landet. Leif Kapstad er samd med dei kritikarane som hevdar at Helse Vest og dei fire andre regionale helseføretaka har vorte unødvendige byråkratiske ledd mellom sjukehus og stat, mellomledd som berre fører til dobbeladministrasjon.
Vestlandsfylke
Leif Kapstad ser føre seg eit vestlandsfylke som skal ha det politiske ansvaret for sjukehusa på Vestlandet. I dag, knappe to veker etter at han sa opp stillinga si som administrerande direktør, står Kapstad fast ved den kritikken han retta mot Helse Vest og staten i dagane før han gjekk av.
Må spare 80 millionar
Helse Førde må spare inn 80 millionar kroner kvart år for å kome i økonomisk balanse innan utgangen av 2005 slik staten har sett som krav. Det tilsvarar drifta av både kirurgisk avdeling og medisinsk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde. Å få Helse Førde til å gå i økonomisk balanse i løpet av to år er ei håplaus oppgåve, seier Kapstad.