Hopp til innhold

Vil fjerna parkeringshus og bygga bydel med byarena

Bypolitikarane har lenge ønskt å riva Bygarasjen, medan eigar Olav Thon har kjempa mot. Men no føreslår han å ofra halve bygget, og gi plass til ein stor konsert- og idrettsarena, bustader, politistasjon, og mykje meir.

Bergen byarena

BYUTVIKLING: Olav Thon og bergenske eigedomsinvestorar planlegg å erstatta halve parkeringshuset Bygarasjen med ein stor byarena, bustadar, hotell og ein vasskanal.

Foto: Illustrasjon frå 3XN

– Dette er eit spennande forslag. Eit einstemmig bystyre har ønska å gjera noko med Bygarasjen som mange meiner er eit stygt bygg.

Det seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).

Forslaget blir presentert på eit møte i Bergen Næringsråd torsdag.

– Eg trur det er viktig å ikkje ta livet av nokre forslag. Me ønskar å sjå på alle med opne, friske auger, seier Schjelderup.

Bystasjonen og Statens hus sett fra Ulriken

TRAFIKKMASKIN: Bygarasjen med 2200 parkeringsplassar ligg i eit attraktivt byutviklingsområde i Bergen sentrum.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Frå 1000 p-plassar til 11.000 ståplassar

Planane for «Arenabyen Bergen» omfattar 27.000 kvadratmeter langs den sørlege innfartsåra til Bergen sentrum. Området ligg mellom Bergen Storsenter, «spagettikrysset» på E39, og AdO arena – kalla opp etter symjaren Alexander Dale Oen.

Midt i dette området står Bygarasjen, med 2200 parkeringsplassar 500 meter frå Torgalmenningen.

Dersom halve parkeringshuset blir rive eller bygd om, kan det gi rom for ein fleksibel byarena med plass til 11.000 ståande på konsertar eller 8.200 sitjande på idrettsarrangement.

Det er også planlagd plass til ny politistasjon, eit hotell, eit kinosenter med 14 salar, næringsareal og 350 bustader.

Arenabyen Bergen

ELV I INNFARTSÅRA: Utbyggjarane vil byggja om bygarasjen og anlegga ei elv i Bergens innfartsåre Vestre Strømgaten.

Foto: Illustrasjon frå 3XN

Mellom bygga er det føreslått grønområde og vasskanal mellom Store og Lille Lungegårdsvann.

Det var BA som publiserte skissene først.

Thons kompromiss

Dei som står bak planane er, i tillegg til Thon, dei bergenske eigedomsinvestorane EGD Property (Espen Galtung Døsvig) og Rexir (Rolf Tore Andersen og Jan Olav Jørgensen). Saman har dei midlar til å fullfinansiera milliardinvesteringane.

Olav Thon har i fleire år vore avvisande til å riva Bygarasjen for å gi rom for byutviklingsprosjekt på området Nygårdstangen. Han eig både parkeringshuset og Bergen Storsenter på nabotomta.

Han har uttalt at riving vil øydelegga heile næringsgrunnlaget til kjøpesenteret. Men no støttar han eit «kompromiss» som inneber å riva halve Bygarasjen.

Arenabyen Bergen, skisse

FRÅ P-HUS TIL STORSAL: Både byarenaen og bustadblokkene (t.h.) er planlagt med grastak.

Foto: Illustrasjon frå 3XN

Ifølge BA er det nå føreslått å flytta halvparten av dagens parkeringsplassar under jorda på arealet mot «spagettikrysset» på E39 og viadukten i retning Åsane.

Bygga skal vera planlagt like høge som høghusa på Nonneseter og medielandsbyen (MCB).

Planane om å erstatta Bygarasjen med ein byarena blir lansert gjennom selskapet Nygårdstangen Utvikling. Det er leia av Filip Rygg. Han har tidlegare vore skulebyråd og rådgjevar for byutviklingsbyråden i Bergen kommune.

Han hevdar byarenaen kan stå ferdig innan fire år.

Framleis p-plassar

Byrådsleiar Schjelderup seier at forslaget på nokre vis passar inn i den reguleringsplanen bystyret har vedtatt, men på andre vis bryt med planen.

Han peikar mellom anna på at det framleis er lagt opp til mange parkeringsplassar der, medan byrådet vil ha ned biltrafikken i sentrum.

– Mange vil nok meina at ein slik byarena i sentrum vil vera ein attraksjon og gi konkurransekraft for både byen og regionen. Men me treng sjølvsagt fleire bustadar i Bergen sentrum, og dette forslaget gir delvis det.

Årelang kamp

Kampen om ein byarena i Bergen har bølgja fram og tilbake i mange år. Å legga han på Nygårdstangen har tidlegare vore både føreslått og forkasta.

I fjor bestemte bystyret at ein ny arena bør ligga på Kokstad, Krohnsminde eller Slettebakken.

No er det opp til politikarane å ta stilling til det siste utspelet om likevel å velja området ved Bygarasjen og Nygårdstangen.

Bergen byarena

SKISSE: Investorane planlegg mellom anna byarena og bustadar ved «spagettikrysset» på E39.

Foto: Illustrasjon frå 3XN

Schjelderup trur grunnlaget får å få realisert ein byarena er betre enn nokon gong.

– Dette har det vore diskutert i fleire tiår. No håpar me å få til ein byarena innan ganske få år.