Vil fengsle to menn for vald
Dei to mennene i 20-åra som vart arrestert etter at ein mann vart funnen kraftig forslått på Straume på Sotra seint måndag kveld, vert i dag framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett. – Dei to er sikta for vald og for brot på narkotikalovgivinga. Den fornærma mannen var truleg ikkje eit tilfeldig offer, og valden kan ha skjedd i samband med pengeinnkrevjing. Vi etterforskar no saka vidare, seier politiadvokat Bernt Dalsveen. Ein av dei to mennene er tidlegare domfelt for narkotikalovbrot.