Vil fengsla drapsforsøkssikta mann

Politiet vil fengsla mannen i 50-åra som måndag kveld skadde ein nær slektning med kniv i Fana, skriv BT. Den fornærma, ei kvinne i 70-åra, blei lettera skadd. Den sikta er no innlagd på Haukeland sjukehus. Politiet meiner det er gjentakingsfare.