Hopp til innhold

Fann fleire daude hjortar dumpa på rasteplass

Sjokket var stort for turgåaren då ho oppdaga restar etter fleire hjortar ved ein rasteplass ved Ølmheim i Sogndal. Nokon har rett og slett dumpa både skinn, knoklar og anna slakteavfall.

Turgåar fann fleire dumpa hjortekadaver ved rasteplass i Sogndal.

FANN KADAVER: Oddrun Marie Eiriksdotter Drage fann fleire hjortekadaver. Politibetjent Øyvind Magnus Solheim såg måndag nærare på funnet.

Området ved den vesle rasteplassen mellom Sogndal og Slinde har lenge vore ein stad der folk har dumpa ulovleg avfall.

hjorteknokler

FANN KNOKLAR: I ein bag, som var synleg frå riksvegen, låg ein haug med knoklar frå ein av hjortane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men for Oddrun Marie Eiriksdotter Drage var det eit sjokk å sjå kva folk hadde kasta frå seg, truleg i løpet av hausten.

– Eg såg først ein raud bag full av knoklar. Då gjekk ein runde i området og observerte både hjortehovud, skinn og fleire kadaver. Dette synes eg er svært ugreitt, seier Drage, som kontakta politiet etter det makabre funnet.

Det syner seg at både den bagen med knoklar, og ein til som ligg nede i stronda, har vore på staden sidan før jul. Noko som kan tyde på at restane etter hjortane og har vore på staden ei tid.

Fryktar tjuvjakt

– Eg fryktar at det her kan vere snakk om tjuvjakt, men uansett er det gale nok at folk kastar frå seg slikt. Det ligg fleire stader her, både heilt oppe med vegen og nede i fjorden, fortel Drage.

NRK kunne med sjølvsyn telje i alt fem slakta hjortar som låg spreidd i terrenget, berre meter frå sterkt trafikkerte riksveg 55. Slaktet bare preg av å ha vore der ei tid, og makk var i ferd med å ete på kjøtrestane.

Hjortekadaver Slinde

ILLE: I skråninga ved rasteplassen på Ylvisåker ligg fleire hjortekadaver og anna slakteavfall.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ulovleg dumping

Politibetjent Øyvind Magnus Solheim ved Sogndal lensmannskontor var på staden i går og konstaterte i alle fall at det var eit lite pent syn.

– Om dette kjem frå ordinær hjortejakt eller tjuvjakt er vanskeleg å seie, men uansett så er dumping av slikt avfall ulovleg. Det skal handsamast skikkeleg, seier Solheim til NRK.

– Bør kome fram

Politiet vil no sjå nærare på saka, og vonar at tips frå publikum kan gjere at dei finn ut kven som har forsøpla området ved rasteplassen på Ylvisåker.

– Eg synes at dei som har gjort dette bør kome fram og stå for det dei har gjort, seier Oddrun Marie Eiriksdotter Drage, som gjorde funnet søndag kveld.