Hopp til innhold

Vil ete og stoppe ut bjørnen

Fleire har meldt seg for å både stille ut bjørnen og servere han som mat.

Bjørnen er skoten
Foto: Steinar Lote / NRK

Styret i Skei Hotel ynskjer å kjøpe bjørnen som vart skoten i Fjærland.

Video: Bjørn skutt

Styremedlem Hallvard Viken seier han allereie har sendt brev til Direktoratet for naturforvaltning med ynskje om å få kjøpe rovdyret for så å stoppe det ut.

Hotellet ynskjer å stille han ut på ein sentral plass i hotellet.

Serverer gjerne bjørnekjøt

Ved Brevasshytta i Fjæraland, ikkje langt frå der bjørnen vart skoten, serverer dei gjerne bjørnekjøt dersom dei skulle få tak i det.

- I lag med Kokkenens Mesterlaug i Sogn og Fjordane kjem til å by på kjøtet. Då får folk høve til å smake bjørnekjøt, seier Gerd Bøyum ved Brevasshytta til Sogn Avis.

Også ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll vil gjerne ha tak i bjørnen og har alt vore i kontakt med Fylkesmannen om prosedyrane for å få overta skinnet.

- Bjørnen er staten sin eigedom, skinnet skal til Statens Naturoppsyn i Trondheim, men me vil be om å få skinnet, seier han til Sogn Avis.