Hopp til innhold

Vil endre synet på MMA

Målet er å bli profesjonell MMA-utøvar, men for at han skal kunne gå kamp på heimebane må lovverket endrast. No kjempar Espen Espenes for at kampsporten skal bli lovleg å konkurrere i Norge.

MMA

KAMPSPORT: Nybegynnarane i Sunnfjord MMA fylgjer spente med når den erfarne MMA-utøvaren Espen Espenes gjev instruksar. Stødig beinstilling er viktig om ein vil unngå å ende kampen på bakken.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Mixed Martial Arts (MMA) er den idretten i verda med størst auke i popularitet. På landsbasis nyttar heile 6000 personar MMA som treningsform. Men skal ein ta det eit nivå opp og gå konkurranse, må ein til utlandet.

– MMA er ikkje så farleg som norske styresmakter skal ha det til. Problemet er at politikarane manglar innsikt i sporten. Eg håpar me snart kan få ha kampar også i Norge, seier Espenes.

MMA i Sunnfjord

UNDERVISNING: – Det viktigaste er å beskytte hakepartiet, seier instruktør Espen Espenes, medan han utfordrar medinstruktør Emir Saracevic til å syne fram rette forsvarsteknikkar. Nybyrjarane fylgjer spente med.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Gamaldags regelverk

Espen Espenes er den einaste aktive MMA-utøvaren i fylket, og har vore fleire turar til både Sverige, Danmark og England for å gå kamp.

I tillegg til Norge, er det berre to land i verda der MMA ikkje er fullt lovleg, nemleg Island og Nord-Korea.

MMA i Sunnfjord

ASPIRANTAR: – Litt nærmare ansiktet, instruerer Espen Espenes. Som instruktør på nybyrjartreninga i Sunnfjord MMA, er det heilt grunnleggjande forsvarsteknikkar han no lærer bort. Om nokre år håpar han å kunne sjå nokre av aspirantane i kampringen.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Det er på høg tid at lovverket som forbyr fullverdige MMA-konkurransar i Norge blir endra, meiner Espen Espenes. Han kallar restriksjonane for gamaldagse.

Politikarane ser no ut til å løyse på det som i lang tid har vore ein konservativ haldning til kampsport. I 2014 vart regelverket kring proffboksing oppheva. Dette gav MMA-utøvarane i landet nytt håp om legalisering av sin kampsport.

MMA i Sunnfjord

POPULÆRT: Heile 17 personar møtte opp på Sunnfjord MMA si fyrste nybyrjartrening for sesongen. På rekke og rad skal dei lære grunnleggjande slag- og forsvarsteknikkar. I midten står Espen Espenes og gir klare instruksar.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Endrar ikkje på regelverket

Men håpet svinn fort hen når NRK kontaktar leiar for familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg frå Høgre. Han meiner ikkje det nærmar seg nokon endring i restriksjonane når det gjeldt MMA, noko som skuldast lite interesse blant politikarane.

– Skal MMA bli legalisert må MMA-forbundet synleggjere kva som er urimeleg i det regelverket som no gjeldt.

– Fleire forskingsrapportar syner at MMA har lågare skaderisiko samanlikna med boksing, kvifor blir då ikkje denne idretten legalisert?

– Det var boksing som var hovudtema sist, og det vedtaket sat langt inne. Her er det ikkje sikkert ein kan peike på kvifor det har blitt som det har blitt, svarar Harberg, som etterlyser engasjement frå MMA-forbundet.

Er det her sport?

På Førde sjukehus får nevrolog Terje Kristensen sjå video av ein MMA-kamp. Han kallar det han ser forferdeleg.

– Er dette sport? Frå ein nevrolog sitt synspunkt er dette grufullt. Eg kan ikkje sjå kvifor folk skal halde på med dette.

Slag mot hovudregionen er hovudårsaka til at han meiner denne sporten ikkje bør legaliserast i Norge. I tillegg til dei akutte skadane, kan dette føre til at ein utviklar mellom anna parkinson og Alzheimer i tidleg alder.

Populariteten aukar

– I MMA er det færre slag mod hovudet samanlikna med boksing. Dette fordi ein nyttar fleire teknikkar, i tillegg til at dommarane stoppar kampane raskare dersom ein deltakar ikkje forsvarar seg, seier Espen Espenes.

Han meiner sporten er godt regulert, og ser ikkje nokon grunn til at konkurranseverksemd ikkje skal bli lovleg i Norge.

MMA i Sunnfjord

SLAGTEKNIKK: – Armen heilt strak, slik. Espen Espenes slår ut i lufta. Sjukepleiarstudent Sindre Øydvin fylgjer godt med. Som instruktør på nybyrjartreninga i Sunnfjord MMA, er det heilt grunnleggjande forsvarsteknikkar Espenes no lærer bort. Om nokre år håpar han å kunne sjå nokre av aspirantane i kampringen.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Trass i konservative reguleringar her til lands, aukar interessa for sporten også i Norge. Som instruktør i Sunnfjord MMA er Espenes vitne til ein vekst i tal på medlemmar.

– Heile 17 nybegynnarar deltok på sesongens fyrste treningsøkt. Klubben har no 50 medlemmar.

Espenes håpar den auka interessa kan bidra til å endre synet på kampsporten.