Vil doble verdiskapinga frå oppdrett – men Margun vil ikkje ha det framfor huset

Sjømat Noreg vil doble verdiskapinga frå oppdrett innan 2030. Langs Nordfjorden i Vestland har planane om fleire anlegg ført til amper stemning.

Margun Ervik i Kjøllsdalen

KRITISK: Eit oppdrettsanlegg midt i glaninga vil vere svært øydeleggjande, meiner Margun Ervik (85) frå Ervik ved Kjølsdalen i Nordfjord.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi får støy og lukt rett i fleisen. Bygda blir øydelagt, seier Margun Ervik.

Den spreke 85-åringen står ute på verandaen i den vesle bygda Ervik ved Kjølsdalen i Nordfjord.

I fjorden rett nedanfor er det planlagt oppdrettsanlegg.

– Planane må stoppast, seier ho.

Oppdrettsanlegg på rek i Ulvesundet ved Måløy.

OPPDRETTSANLEGG: Det er i dag om lag 800 oppdrettsanlegg for laks og aure i drift i Noreg. Næringa har som målsetjing å doble produksjonen innan 2030. Det er usikkert kor mange nye anlegg som vil kome.

Foto: MMS-foto: Bjarne Eldevik

– Kan ikkje pepre norske fjordar med oppdrettsanlegg

I fjor var salsverdien på norsk oppdrettsfisk på vel 74 milliardar kroner, og bransjeorganisasjonen Sjømat Noreg har som mål å doble verdiskapinga frå næringa innan 2030.

Det er i dag om lag 800 oppdrettsanlegg for laks og aure i drift i Noreg, og fleire skal det bli.

I kommuneplanen til Stad kommune i Nordfjord er 42 ulike stader utpeika som aktuelle stader for oppdrett.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) understrekar at ikkje alle desse vil bli realisert.

– Det er snakk om eit einsifra tal, seier han.

Likevel har høyringa om sjøareal i kommunen vore amper. Høyringa har frist 19. mars.

Frå plan for sjøområda: Det første dialogmøtet tok føre seg områda i gamle Eid kommune og Bryggjaområdet.

PLAN FOR SJØOMRÅDA I NORDFJORD: I kommuneplanen til Stad kommune er 42 ulike stader utpeika som aktuelle stader for oppdrett. På kartet: Nordfjorden kring Nordfjordeid.

Foto: Stad kommune

Karakteriserer forskotteringa som «ufin»

– Vi kan ikkje pepre norske fjordar med oppdrettsanlegg. Då blir det ikkje attraktivt å flytte til distrikta, seier Matias Lien, som er leiar i Kjølsdalen utviklingslag.

Han reagerer på kommunen allereie har budsjettert med større inntekter frå oppdrett.

Alle som driv med fiskeoppdrett må ha løyve frå offentlege styresmakter.

Konsesjonane seljast til oppdrettarar på ein auksjon, og pengane går inn i Havbruksfondet.

Deler av desse milliardane blir sprøyta tilbake til kommunane. I dag får Stad 4,5 millionar kronar frå fondet, basert på tre oppdrettsanlegg.

I sitt eige langtidsbudsjett har kommunen lagt inn at desse inntektene blir nesten dobbelt så store.

Ei «ufin» forskottering, meiner Lien.

– Ved å budsjettere på denne måten blir det lagt eit ekstra press på oss, seier han.

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) avviser skuldinga.

– Grunnen til at vi har budsjettert med auka inntekter frå havbruksfondet er at dei nasjonale forventningane er auka aktivitet nettopp i havbruksbransjen i åra framover, seier han.

Frå 2022 vil regjeringa krevje ein avgift på 40 øre per kilo laks og aure frå oppdrett. «Produksjonsavgifta» blir fordelt på oppdrettskommunar- og fylke.

Matias Lien i Kjøllsdalen

PROVOSERT: Leiar i Kjølsdalen Utviklingslag, Matias Lien, fortel at bygdefolket vil gjere det dei kan for å hindre at det kjem eit oppdrettsanlegg til bygda.

Foto: Bård Siem / NRK

– Godt eigna for oppdrettsanlegg

Mattilsynet har så langt sagt nei til det planlagde anlegget i Ervik på grunn av «uakseptabel høg smitterisiko» for spreiing av lakselus.

Eide Fjordbruk har klaga på vedtaket, og skriv i ein e-post til NRK at området er godt eigna for oppdrettsanlegg.

Til kritikken frå bygdefolket viser selskapet til at dei har «forståing for at det knyter seg ulike interesser til området».

Salsverdien for norsk oppdrettsfisk var i fjor på vel 74 milliardar kroner.

Ifølgje forskingsstiftinga Sintef kan verdiskapinga frå oppdrett femdoblast innan 2050.

– Det er ikkje spesifisert kor mange anlegg som bør kome. Uansett kva som seiast, kan ingenting doblast utan å vere berekraftig, skriv Sjømat Noreg i ein e-post til NRK.

Oppdrettsanlegg

OPPDRETTSANLEGG: Det er i dag om lag 800 oppdrettsanlegg for laks og aure i drift i Noreg. Næringa har som målsetjing å doble produksjonen innan 2030.

Foto: Kjartan Trana / NRK