Hopp til innhold

Vil byggje tunnel opp til breen

Sterke krefter i Jølster ønskjer å få bygd ein vegtunnel frå Lunde i Kjøsnesfjorden opp til Jostedalsbreen. Prislapp: 200 millionar kroner.

Tverrfjellet

TUNNEL-UTSIKT: Dersom tunnelen nokon blir ein realitet, så er dette utsikten som vil møte turistane på toppen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Utruleg, men sant? Jølster Næringsforum og Jølster kommune står no saman bak ideen som vil kunne løfte breturismen til nye høgder, dersom det vert realisert.

– Ein fjelltunnel frå Kjøsnesfjorden, ved riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal, til topps på Tverrfjellet vil vere ein attraksjon som vil gje uante moglegheiter for turiststraumen til Noreg i uoverskueleg framtid, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

– Stor attraksjon

Han og resten av initiativtakarane meiner at dette vil kunne bli den store attraksjonen for alle som søkjer dei unike naturopplevingane og utsynet over bre- og fjordlandskapet i Noreg, turistar såvel som fastbuande i regionen.

– Fleire vil få kjennskap til breen sine løyndomar og kunnskap om landskapsforming og klimasvingingar, meiner gruppa bak, og sler fast at tunnelen vil bli eit viktig supplement til Norsk bremuseum i Fjærland.

Tverrfjellet

STERKE MENN: F.v. Jarle Helgheim, Oddmund Klakegg og Steinar Dvergsdal. Dei vil no ha tunnel frå Lundebotn til breen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Landemerke

Måndag presenterte gruppa bak tunnel-ideen prosjektet for NRK, og dei er sjølve overtydde om at dette er vegen å gå for å gjere Jostedalsbreen enda meir tilgjengeleg for alle.

– Tverrfjellet inst i Kjøsnesfjorden ruvar 1500 meter over havet, og er eit kjend landemerke både frå E39 langs Jølstravatnet og den sørlege delen av Jostedalsbreen mellom Jølster og Fjærland. Her har folk ferdast i uminnelege tider, sler dei fast.

12 % stigning

Ein biltunnel frå Kjøsnesfjorden ved riksveg 5 og opp til Tverrfjellet, vil og opne for uante turmoglegheiter som hittil har vore for dei sprekaste av dei spreke.

– Frå dette grensepunktet mot Jostedalsbreen nasjonalpark har ein eit praktfullt utsyn nordover breen, sørvestover mot kystlinja og havet i horisonten, med Jølster og frodige dalføre som strekkjer seg inn mot breen djupt der nede, sler arbeidsgruppa fast.

Men å realisere tunnelen på åtte kilometer med 12% stigning opp til 1500 moh, er slett ikkje noko billeg foretak. Kostnadsoverslaget er hittil på 200 millionar kroner.

– Men tiltaket er utan synlege inngrep i naturlandskapet og vil gje tilgang til brelandskapet 365 dagar i året, meiner initiativtakarane.