Hopp til innhold

Vil byggje Dalsfjordbrua neste år

Byggjing av Dalsfjordbrua og vidareføring av Bremangersambandet skal starte opp neste år.

Dalsfjordbrua slik ho etter planen skal sjå ut

Det står eit samrøystes Hovudutval for samferdsle fast på.

- Utvalet føreset at regjeringa aukar løyvingane dei komande åra, seier fungerande utvalsleiar Trude Brosvik.

Langvarig strid

Det har heile vegen vore full semje om at vidareføring av Bremangersambandet er det neste store vegprosjektet i fylket.

Striden har stått om Dalsfjordbrua eller Olden-Innvik skal vere nummer to, ein kamp Dalsfjordbrua vann for fire år sidan mot Venstre og KrF sin vilje. Seinare er også Frp blitt skeptiske til Dalsfjordbrua.

Ikkje endeleg avgjort

No skal nasjonal transportplan rullerast neste år, og då er det mogeleg å endre på tidlegare prioriteringar. Men Trude Brosvik tolkar gårdagens vedtak slik at fylket aktar å stå fast på tidlegare prioriteringar.

Men no skal saka vidare til både fylkesutval og fylkesting, så siste ord er neppe sagt i føgjetongen om Dalsfjordbrua.