Hopp til innhold

Vil byggja miljøcruisehamn som kan ta i mot 20.000 turistar dagleg

Ei vik på Askøy kan bli bergensregionen si nye cruisehamn, med mogelegheit til å ta i mot 20.000 om dagen. Trass i at Bergen ikkje vil ha fleire turistar.

Slik kan ein mogeleg cruisehamn på Askøy sjå ut

KILDN: Slik ser Tertnes Holding og Rexir Holding føre seg ei cruisehamn på Askøy. I bakgrunnen kan ein skimta Askøybrua og Bergen.

Illustrasjon: Kildn

I dag blei ei mogeleg framtidig cruisehamn på Askøy presentert. Dei fyrste som fekk høyra om planen, var formannskapet i kommunen.

Cruisehamna Kildn skal ha kapasitet på å ta i mot 20.000 turistar om dagen. Dei skal også produsera og lagra sin eigen energi, og dermed ikkje ha miljøutslepp.

– Dette er eit spennande prosjekt. Det kan koma til å få mykje å seia for Askøy, Noreg, og også internasjonalt, seier Siv Høgtun (H).

Ho er ordførar på Askøy, der Kildn er føreslått å liggja.

Det er nemleg ikkje eit lite byggjeprosjekt det er greia ut om. Kildn vil:

  • Byggja ei snuhamn for cruiseskip, med kapasitet til å ta i mot nær 20.000 turistar dagleg
  • Bruka hamna til å frakta turistar vidare til fjordane og Bergen
  • Bli den fyrste hamna i verda utan utslepp, bygd i tilknyting til fornybare energikjelder. Dette er mogeleg ved å byggja solceller, batteri til å lagra straum i og bruk av termisk energi
  • Bidra til nye arbeidsplassar i regionen ved å byggja inn hotell, kafear og andre bedrifter knytt til sjøfart- og energinæringane

Ein del av planen går også ut på å etablera det som blir kalla «den blå bybanen». Det skal vera båtar i rute mellom hamna og Bergen.

Området der dei ynskjer å byggja hamna er i dag regulert som eit LNF-område (landbruks-, natur- og friluftsområde).

– Når stortinget og regjeringa vedtek at me skal ha nullutslepp, er det akkurat slike prosjekt som må realiserast for å kunne nå klimamåla. Eg er imponert over at dei kryssar av på så mange berekraftsmåla som dei gjer, seier Høgtun.

Her vil dei byggje Kildn - ei grøn cruisehamn på Askøy

I DAG: Slik ser det ut i vika sørvest på Askøy i dag.

Foto: Kildn

Vil kunna ta i mot 20.000

Planen er at kaifundamentet på 95.000 kvadratmeter skal kunna ta i mot 20.000 cruiseturistar om dagen.

Dette til trass for at byrådet i Bergen vil setja eit tak på talet cruiseturistar i byen. I 2018 prøvde dei å innføra ei grense på 8000 turistar i døgeret.

– Me tenkjer at dette er perfekt, med tanke på dei signala som kjem frå statleg hald og frå Bergen. Me trur dette kan vera svaret på dei utfordringane Bergen har med cruisetrafikken, seier Filip Rygg i Rexir Holding, som sjølv er tidlegare byråd i Bergen.

Filip Rygg.

VIL BYGGJA BRYGGA: Filip Rygg, dagleg leiar i Rexir Holding. Firmaet hans har ansvar for å vidareutvikla eigedomen.

Foto: Privat

Fokuserer på berekraft

Det er Tertnes Holding og Rexir Holding som har laga visjonen saman med COWI.

I presentasjonen av prosjektet blir det lagt stor vekt på miljø. Kildn vil vera den fyrste nullutsleppshamna i verda. Det tyder at dei må produsera energi.

– Me tek utgangspunkt i å bruka fire ulike fornybare energikjelder. Energikjeldene er ikkje nye åleine, men måten me vil bruka dei saman, seier Håkon Iversen.

Han er marknads- og utviklingssjef i COWI Sør-Vest. I tillegg til å setja opp solcellepanel, vil prosjektet lagra straum i batteri i fjellet i området.

Dei vil også henta termisk energi frå sjøen. Det løyser dei ved å nytta seg av temperaturforskjellane i det 150 meter djupe havet utanfor området. Selskapa ser også på mogelegheita av å bruka saltvasspumper.

Det er også vurdert kor mange av FN sine berekraftsmål prosjektet oppfyller. COWI sine utgreiingar viser at dei treff ni av dei.