Hopp til innhold

Vil bygge næringsbygg i staden for tribune på Brann Stadion

Ein eigedomsutviklar vil bygge ut det opne hjørnet på Brann Stadion. – Kva har skjedd med føresetnaden om ekstra tribunar der? spør skeptisk supporterklubb.

Eliteserien fotball 2020: Brann - Viking.

VIL TETTE HOLET I HJØRNET: Midt i biletet ligg det opne hjørnet av Brann Stadion der det no kan komma eit næringsbygg.

Foto: Marit Hommedal / NTB

For eit år sidan vart det kjend at Sportsklubben Brann selde delar av stadion. Slik vart klubben gjeldfri og fekk i tillegg pengar til utvikling av stadionanlegget.

Klubben vedtok salet årsmøtet og det Oslo-baserte eigedomsselskapet Union Real Estate Fund fekk kjøpa eigedommen for 185 millionar kroner.

I går sende Union ut nabovarsel for byggeplanane sine for det nordvestlege hjørnet av stadion.

Teikningane viser at det blir vindusfasade inn mot grasmatta.

Tidlegare i prosessen har det vore ein føresetnad at det skulle byggast ekstra tribuneplassar i dette hjørnet.

I årsmøtepapira stod det: «Tilbodet inkluderer ei forplikting til å bygge tribune vederlagsfritt for Brann».

I dag er det mellom anna inngangar og publikumstoalett i denne delen av stadionanlegget.

Planane for ombygging av nordveste hjørne av Brann stadion.

Teikningane til høgre viser at det eine hjørnet av Brann Stadion kan bli ein vindusfasade inn mot banen, ikkje ekstra tribunar.

Foto: Union Real Estate Fund

– Inga grunn til uro

Fondsleiar Anders Pedersen i Union stadfestar at dei har planar for utvikling på stadion.

– Eg har eigentleg ikkje så mykje å seie så tidleg. Ting må gå i riktig rekkefølge. Men det er riktig at arkitekten har sendt ut eit varsel på våre vegner.

Han seier dei er i dialog med Brann om å utvikle eit idretts- og undervisningsbygg.

– Forstår du at det kan vere kontroversielt for mange?

–Vi forstår godt at det er ulike meiningar om alt som skjer på Brann Stadion. Men vi er opptekne av dialogen med Brann og at dette skal bli bra for alle partar.

– Har supporterane grunn til å vere uroa for at korleis Brann Stadion blir på innsida?

– Nei, eg meiner bestemt at dei ikkje har det.

Eliteserien fotball 2020: Brann - Viking.

Brann Stadion i Bergen. Det «opne hjørnet» til høgre.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Brann: – Vidareutvikling av godt miljø

NRK har spurd dagleg leiar i Sportsklubben Brann, Christian Kalvenes, om hans syn på planane.

Vi ser på moglegheita for å utvikle det siste opne hjørnet på Brann Stadion og håpar med dette å vidareutvikle det gode idretts- og utviklingsmiljøet vi har på stadion, skriv han.

NRK har også spurd han om korleis planane samsvarer med avtalen som vart gjort då Brann selde denne delen av stadion.

Vi skal ha ei orientering om saka i styremøtet neste veke. Ei naturleg oppfølging av dette blir å kalle inn til orientering og diskusjon i eit medlemsmøte like etter påske, svarar Kalvenes.

Supporterklubben: – Ikkje i tråd med premissane

Erlend Ytre-Arne Vågane er styreleiar i Bataljonen, supporterklubben for Brann.

Så vidt eg kan vurdere ser ikkje prosjektet ut til å vere i tråd med årsmøtevedtaket frå i fjor. Dette må vi ha ein prat med klubben om for å forstå kvifor det har blitt som det er blitt, seier han.

Han viser til at årsmøtet gav klubben fullmakt til å selje eigedommen ut frå premissane i saksframstillinga om at utbyggaren skulle sørge for ekstra tribuneplassar.

Vågane veit ikkje om Brann har vore involvert i utarbeiding av teikningane.

Det er uoversiktleg no, så vi skal ha dialog med klubben.

Som supportarleiar har han ikkje sett alle teikningane som NRK offentleggjer i dag. Planane eller teikningane var heller ikkje var framme på årsmøtet tidlegare denne månaden.

Dette er opplagt ei stor og permanent endring av stadion, men det har ikkje vore noko diskusjonstema med medlemane slik prosjektet ser ut no, men seier han.