Vil bryta Gaza-blokaden

Norske styresmakter åtvarar mot deltaking i ny konvoi mot Gaza. - Me kan ikkje la oss skremma til passivitet, seier Torstein Dahle i Raudt, som er fast bestemt på å trossa rådet.

Bilde ombord fra Gazakonvoien

Aktivistar frå mange land var med på konvoien mot Gaza i fjor sommar.

Foto: HO / Reuters

Torstein Dahle

Torstein Dahle reiser med konvoien til Gaza.

Foto: Ingar Haug Steinholt

Fredag reiser politikaren i Raudt til Aten for å vera med den andre internasjonale hjelpekonvoien til det palestinske området Gaza.

- Me vil bringa inn varer som folk i Gaza treng, og me vil visa i praksis at me står solidarisk med dei, fortel han til NRK.

Men framfor alt er målet til å pressa Israel til å oppheva blokaden mot Gaza.

- Denne blokaden er folkerettsstridig og ein skam som gir folk i forferdelege livsvilkår, fortel Dahle.

- Ikkje redd

Sist gong ein internasjonal konvoi segla mot Gaza, vart ni personar drepne og 20 såra av israelske soldatar som borda skipet . Torstein Dahle håpar Israel har lært.

- Dette er ikkje noko martyropplegg, så me reknar med at Israel har lært av det som skjedde for eit år sidan, seier han.

Likevel er siviløkonomen budd på det meste.

- Det er klart at det er ein viss risiko, men eg synast det er viktig at me ikkje skal la oss skremme til passivitet i ei så viktig sak, seier han.

Trossr norske styresmakter

Både utanriksminister Jonas Gahr Støre og statssekretær Espen Barth Eide ber aktivistar halda seg unna den nye konvoien. Dette stoppar ikkje Dahle.

- Regjeringar rundt omkring i verda gjer ingenting for å letta denne forferdelege blokaden. Derfor er det heilt nødvendig at me engasjerer oss, slik folk skal sleppe denne type lidingar, seier Dahle.