Hopp til innhold

Vil boikotte lova

Lokalpolitikarane i Hordaland vil stritta i mot dei nye strandsonereglane som er i emning.

Knut Hanselmann

Knut Hanselmann er ein av ordførarane som gir blaffen i dei nye reglane.

Foto: NRK

– Eg synst det er fantastisk romatisk med desse gamle trehusa. Dette er kultur, seier Askøy-ordførar Knut Hanselmann.

Han kvilar augene på nokre små, kvite trehus i Strusshamn. Bølgeskvulpa er få meter frå vindaugskarmen her. Sånn skal det vere, meiner Hanselmann. At byråkratar i Miljøverndepartementet no vil gjere det endå vanskelegare å bygge i strandsona, det får Framstegsparti-ordføraren i Askøy til å tenne

– For Askøy er det heilt håplaust å bruke dei rigorøse reglane som ein finn på i Oslofjorden og på Sørlandet.

LES ÒG: Bod til bry | - Skvisar ut vanlege folk

Vert strengare

Snart skal strandsonereglane strammast inn endå meir. Ifølgje høyringsutkastet til dei nye retningslinjene, skal Hordaland-kommunane delast opp i to kategoriar. I den første skal ting halde fram som i dag når det gjeld bygging i strandsona. I den andre skal det bli enda strengare å sette opp naust og hytter.

Departementet vil ha 16 kommunar i Hordaland i sistnemnde kategori. Hanselmann vil ikkje følge dei nye reglane, dersom høyringsutkastet går gjennom.

– Me gav grei melding om dette ikkje vil fungere på Askøy. Og det står eg ved, seier han.

– Og de vil ikkje følgje desse reglane når dei kjem?

– Nei, som sagt, me kan ikkje følgje dei. Då vil ikkje Askøysamfunnet fungere.

LES ÒG: Flere tusen ulovlige bygg i Hordaland

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– For lite kunnskap

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at dei aller fleste av kommunane i Hordaland som har svart er svært negative til forslaget, 13 av dei 14 kommunane som har svart. Sidan saka er under behandling vil ikkje Miljøverndepartementet gje nokon kommentar på kritikken.

Ordførar i Fjell, Eli Berland i Høgre, meiner byråkratane ikkje veit nok om kystlivet.

– Nei, det er jo heilt håplaust for oss som bur på kysten. Dei som sit på kontora i Oslo har sikkert ikkje vore i ein øykommune som Fjell.

Må rive hytte verdt 4,5 mill

Kamp mot ulovlige stengsler

Mindre bygging i strandsonen