Hopp til innhold

Vil bli store på frikøyringsski

SGNskis frå Sogndal produserer frikøyringsski, og har ambisjonar om å bli store. No treng dei meir pengar.

Steinar Ned i Hodlekveskogen

UNDERSKOT: SGNskis gjekk i underskot i 2014, og 2015, men meiner dei skal klare dei økonomiske måla sine i år.

Foto: Bård Basberg / SGN

I fjor selde skiprodusenten 500 par med ski.

– Det er ikkje nok, fortel dagleg leiar Ola Alsterholm.

Firmaet gjekk difor i underskot i 2015, og må selje minst 700 par for å gå i pluss.

– Vi har stor etterspurnad, men manglar pengar til å produsere ski, seier leiaren.

Difor er dei no på jakt etter investorar som kan spytte pengar inn i selskapet. Gründer Tore Frimannslund seier dei ventar å nå «break-even» i år, det vil seie at inntektene blir like høge som kostnadene.

– Vi er på god veg til å klare salsmåla våre, seier Frimannslund.

Den lokale frikøyringsprodusenten har tre tilsette som jobbar til saman 1,5 årsverk. Ifølgje dei sjølve, er dei landets største produsent av alpine ski. No har dei også fått innpass i landsdekkjande kjeder.

SGN-tur til Sveits

MINST 700 PAR: SGNskis må selje minst 700 par med ski for å gå i pluss.

Foto: Bård Basberg / SGN

Starta i ein garasje

Det heile starta i ein garasje på Leikanger. Ein kompisgjeng frå Sogndal var lidenskapleg opptekne av frikøyring.

Problemet var at dei ikkje fann ski som passa til dei lokale forholda, med mykje snø og skogskøyring. Dei unge mannfolka starta difor å bygge ski på eigehand.

Bård Basberg og Ola Alsterholm

KOMPISGJENG: Då Bård Basberg og Ola Alsterholm kom til Sogndal blei dei med i produksjonen til kompisgjengen som laga frikøyringsski.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Då Ola Alsterholm og Bård Basberg flytta til Sogndal blei dei kjend med kompisgjengen som laga eigne ski. Dei byrja etter kvart å delta i produksjonen.

– I Sogndal knyter ein venskap gjennom ski, seier Basberg. Han er fotograf, og har ansvar for kommunikasjon.

SGNskis frå Sogndal er ein kompisgjeng som produserer eigne frikøyringsski.

HOBBY OG JOBB: Kompisane i Sogndal kombinerer jobben med det dei likar aller best; å stå på ski.

Vil lage den perfekte skia

Det tok nesten seks år før kompisane kom fram til dei perfekte frikøyringsskia. Skia kalla dei Togga, etter ein av dei mest populære toppturfjella i Sogndal.

Det beste vi veit om er å stå på ski, og det er veldig bra at vi kan kombinere det med jobb

Bård Basberg

På ein av dei fyrste turane med Togga vann kompisane frå Sogndal ein konkurranse.

– Deretter la dei ut ein førespurnad på Facebook om det var nokon som ville betale 2.500 kroner i depositum på eit par ski. 62 betalte. Då var dei nøydde til å starte eit selskap, seier Alsterholm, som har teke over som dagleg leiar i SGN.

– Det beste vi veit om er å stå på ski, og det er veldig bra at vi kan kombinere det med jobb, seier Basberg.

SGN Togga

TOGGA: Det tok seks år før kompisgjengen frå Sogndal kom fram til skia dei ville produsere; Togga.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Ikkje store nok

Med ein omsetnad på 1,9 millionar i 2015 og 1,6 millionar i 2014, fortel Alsterholm at SGN har ein lang veg å gå for å bli store. Likevel meiner han at dei klarar å nå måla sine i år.

– Vi har eit budsjett på over tre millionar grunna innsal til større bedrifter. Målet er realistisk, seier Alsterholm.

SGN konkurrerer no med dei store alpinmerka som Salomon og Atomic, men har ikkje som mål å selje like mykje som konkurrentane.

– Vi har ikkje ambisjonar om å kome på same nivå som dei, men vi må uansett vekse, seier leiaren.

Henrik Gangsø på Molden

KRYSSAR SKIA: Henrik Gangsø i lufta på Molden.

Foto: Bård Basberg / SGN