Hopp til innhold

Håpar bru i Ytre får Kystvegen prioritert

Med ei ny bru i ytre Nordfjord, vil 45-minuttsregionen komme seg lenger fram i køa blant nye vegprosjekt i fylket.

Randi Paulsen Humborstad

PROSJEKTLEIAR: Randi Paulsen Humborstad har store forhåpningar til samferdslepolitikarane i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Og dermed er vegprosjektet mellom Florø og Måløy brått blitt meir enn dobbelt så dyrt som den kring milliarden det opprinneleg kosta.

Når samferdslepolitikarane i dag set opp si prioriteringsliste, håpar prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad likevel å sjå Kystvegen høgt oppe på prioriteringslista.

– Vi ser at vi ikkje kjem forbi Olden - Innvik og ynskjer andreplass bak dei. Vi tykkjer no at det er på tide at Kystvegen blir trekkt fram, seier ho.

Presenterte planer

Kystvegen har vore tema i mange år, og eit samrøystes fylkesting har lenge hatt vegen som prinsippvedtak. Likevel har den framleis til gode å bli prioritert.

– Her er det snakk om ein stor bu- og arbeidsmarknadsregion på 50.000 og kysten treng betre infrastruktur, argumenterer Paulsen Humborstad som i går var ein av mange vegforkjemparar som presenterte sine prosjekt for fylkespolitikarane på Leikanger.

Kuttar to ferjer

Mest ambisiøs var kanskje prosjektet frå kysten. 45-minuttarsregionen vil ruste opp vegen mellom Florø og Måløy. No vil dei også ha bru og er i gang med eit skisseprosjekt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kystvegen

BRU: I tillegg til bru i midtre og indre, vil prosjektgruppa bak 45 minuttarsregionen ha bru i ytre Nordfjord.

Brua frå Vemmelsvik i Vågsøy til Tångane i Bremanger er kostnadsrekna til 1,8 milliardar kroner.

– Då er ikkje tilførselsvegar med, men vi ser at vi også har moglegheit til ferjeavløysing på to ferjer og får inntekter der, seier Paulsen Humborstad.

– Kor mykje inntekter kan det vere snakk om?

– Det er snakk om 30 millionar kroner årleg for dei to ferjene samla. Ganger ein det med 30, så har du nesten ein milliard.