Hopp til innhold

Målet er gull

Åtte unge roarar har eitt mål denne helga – å bli nordiske meistrar. Denne veka er det hardtrening, med spansk trenar.

Åtte unge roarar har eitt mål denne helga - å bli nordiske meisterar. Denne veka er det hardtrening, med spansk trenar.

Juniorlaget går for gull i Danmark i helga.

Didrik Wie Soltvedt

Didrik Wie Soltvedt har mål om å konkurrere i OL.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Klar, ferdig, gå!

Det er startskotet for ein av dei siste treningane før meisterskapet dei åtte unge roarane skal delta i på laurdag.

Laget som består for det meste av Bergensarar skal til Danmark for å konkurrere mot dei beste i sin sport frå norden, i Nordisk juniormeisterskap i åtter. Og dei er målretta.

– Me tok sølv i fjor, og då var me 0,4 sekund bak danskane, så eg håpar me kan ta dei i år, seier Didrik Wie Soltvedt som er utøvar.

Hardtrening med spansk trenar

Heine Jansen Heggebø

Heine Jansen Heggebø trur veka før meisterskapet blir hard.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK
Sebastian Baranzano

Sebastian Baranzano har trua på dei unge utøvarane.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Det vestlandstunge laget har vunne alle tre regattaane der båtar frå heile Noreg konkurrerer om å få kunne representer Noreg i laurdagens meisterskap.

– No har me ikkje hatt så mykje trening saman. Heile laget har ikkje vore samla, for me er frå litt forskjellige klubbar, seier Heine Jansen Heggebø som er styrmann.

Denne veka er det difor hardtrening. For anledninga har dei henta inn ein anerkjent trenar frå Spania, Sebastian Baranzano.

Han føl ivrig med på kva utøvarane presterer på trening. Tilrop om god teknikk og rettleiing i korleis dei kan verte betre høyrer med.

– Akkurat no trur me at det er den beste gruppa me kan setje saman for åtter menn, og eg er svært nøgd fordi dei viser framgang berre frå i går, seier han.

Gutane brukar rundt tre minutt på 1000 meter, noko trenaren seier er svært godt gjort for dei unge utøvarane.

Mål om OL

Dersom det skulle bli gull i Danmark til helga, så er ambisjonsnivået for laget enno høgare for dei komande åra.

– Me håpar å sjå dei i OL, seier Baranzano.

Han legg til at med rett tankegang og med rett trening så kan dei klare å nå målet om OL, og ambisjonane til gutane er på topp.

– Du ser oss i OL i 2020. Det skal eg love deg, seier Soltvedt med eit lurt smil.