Hopp til innhold

Vil bli eit stabilt eliteserielag

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, meiner klubben har potensial til å etablera seg som eit stabilt eliteserielag. Men først må nokre sentrale spelarar erstattast.

Håvard Flo

AMBISJONAR: Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, meiner klubben har grunnlaget til å vere med i eliteserien år etter år.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Søndag sikra Sogndal seg ein plass i eliteserien neste sesong. Sjølv tapte dei 3–1 for Odd i Skien, men laga under dei på tabellen makta heller ikkje å ta nok poeng.

– Sesongen sett under eit, har vore god. Det har vore knytt spenning til om vi også kom til å vere eit eliteserielag i 2017, og det er vi ekstremt glad for at vi er, fortel sportsleg leiar i klubben, Håvard Flo.

Ein kamp står att av sesongen, og Sogndal kan hamne på alt frå 9.- til 11.-plass. Flo er fornøgd med prestasjonane til laget og håpar Sogndal skal vere eit stabilt eliteserielag år etter år.

– Eg trur det er gode moglegheiter for det om dyrkar spelkonseptet vårt, utviklar unge spelarar og har referansespelarar som er med å drar lasset. Då kan vi vere eit habilt eliteserielag over lengre tid, meiner Flo.

Fleire spelarar drar

Songdal Start

DRAR: Hannu Patronen er ein av spelarane som må erstattast i Sogndal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Nokre av dei såkalla referansespelarane som Flo snakkar om har anten allereie dratt frå klubben, eller er på veg vekk. Tidlegare i år blei Babacar Sarr seld til Molde FK og midtstoppar Hannu Patronen skal heim til Finland etter sesongen.

I tillegg er Jukka Raitala, Mahatma Otoo og Ruben Holsæter på utgåande kontrakt.

– Vi ser at det er ein sirkulasjon i spelarane frå sesong til sesong. Nokon kjem og andre reiser. Det er viktig at vi finn dei typane vi har lyst på og har dei ferdigheitene som vi treng, seier Flo.

Må erstatte rutinerte spelarar

Endre Romøren

SKRIBENT: Sportsjournalist i Sogn Avis, Endre Romøren, meiner Sogndal kan bli eit stabilt eliteserielag.

Foto: Wantana Tiemey / Sogn Avis

Sportsjournalist i Sogn Avis, Endre Romøren, er ein av dei som følgjer klubben tettast. Han er klar på at spelarane som forsvinn, må erstattast.

– Når Patronen og Raitala drar er plutseleg halvparten av ein veldig god firar vekke, så der må det gjerast noko. Du kan erstatta gode spelarar med andre gode spelarar, men å erstatte rutine er ikkje så lett, meiner han.

Romøren trur som Flo at Sogndal skal vere kapable til å etablera seg i eliteserien.

– Ja, utan tvil. Dei har fått ein solid posisjon i norsk fotball som ein kan nytte seg av. Det er ein klubb som talentfulle spelarar vil kome til for å utvikla seg vidare. Det er ingen grunn til at Sogndal ikkje skal kunne etablere seg i eliteserien, meiner han.