Hopp til innhold

Ber bilistane sitje i bilen om dei hamnar i ein tunnelbrann

– Då får du minst mogleg røyk i deg.

Reinhardt Sørensen

OPPMODING: Reinhardt Sørensen meiner ein får mindre røyk i seg dersom ein blir sitjande i bilen om ein hamnar i ein tunnelbrann.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Trass betre varsling, og trass eit prinsipp om å berge seg sjølv ut, meiner brannsjef Reinhardt Sørensen at det kan vere betre å bli sitjande i bilen og vente til røyken er vekke.

– Røyk er farlege gassar som du kan svime av og bli kvelt av. Men det luraste er å bli sittande i bilen, for før eller seinare vil du få hjelp frå brannvesenet, seier han.

– På høg tid

Han har sjølv hatt to store tunnelbrannar i kommunen sin. Under brannane i Gudvangatunnelen i 2013 og 2015 gjekk Aurland brannvern inn og berga folk fordi dei meinte at det var trygt nok.

Bjørn Berge, beredskapsleiar Førde brannvesen

VANSKELEG: Bjørn Berge i Førde brannkorps seier sjølvbergingsprinsippet er vanskeleg å følgje i mange tunnelar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Sørensen meiner at det er på høg tid at det kjem meir utstyr i tunnelane, slik at folk kan hjelpe seg ut. Slik Vegdirektoratet no ynskjer.

– Sjølvbergingsprinsippet er veldig bra der det er toløpstunnelar, som i Oslo og nokre få andre stadar. Men dei fleste stader i resten av landet har vi ikkje slike tunnelar og då må dei utrustast slik at folk kan berge seg sjølve.

Vil gjere endringar

Fagleiar for beredskap i Førde brannkorps er samd i at det er for dårleg lagt til rette for sjølvberging i vegtunnelane. Spesielt kan det vere vanskeleg å ta seg ut frå lange og bratte tunnelar.

– I alle fall dersom du vel feil retning i starten, seier Berge.

Og etter dei alvorlege tunnelbrannane i Gudvangatunnelen, Skatestraumtunnelen og Oslofjordtunnelen, ynskjer Vegdirektoratet betre utrusting i lange og djupe tunnelar.

– Vi ser frå desse hendingane vi har hatt, at det kan gjerast forbetringar, seier Arild Søvik, ansvarleg for forvalting og utvikling av vegtunnelane i Norge.

Dei føreslår mellom anna videokamera, betre radiovarsling og høgtalarsystem.