Hopp til innhold

Vil betale 350 millionar for Fjord1

Rederiet Havila har komme med eit bod på 350 millionar kroner for Møre og Romsdal sine aksjar i Fjord1.

Fjord1 MRF
Foto: Illustrasjonsfoto: Åge André Breivik / NRK

No får Havila tilbodet om å kjøpe Møre og Romsdal sine aksjar i Fjord1. Det vart stadfesta under fylkestingsforhandlingane i Geiranger tysdag.

Bodet er på 350 millionar kroner.

Fleirtalet vil selje aksjane

Aksjeposten til Møre og Romsdal er på 41 prosent, medan Sogn og Fjordane fylkeskommune er hovudaksjonær i Fjord1.

I den avsluttande bodrunden stod kampen mellom Havila, ferjeselskapet Tide og ferjeselskapet Torghatten i Nordland.

Fylkestinget i Møre og Romsdal skal onsdag ta stilling til avtalen. Eit knapt fleirtal har tidlegare ønskt å fullføre salet.

Aksjane verdt om lag 300 millionar

Sogn og Fjordane fylkeskommune har forkjøpsrett, og kan kjøpe aksjane for den prisen som er forhandla fram med Havila.

Den siste verdivurderinga av Fjord1 konkluderte med at selskapet var verdt 914 millionar kroner. For Møre og Romsdal betyr det at deira aksjar er verdt 375 millionar kroner.

Sal av ein minoritetspost vil vanlegvis bety rabattar på opptil 20-30 prosent, noko som igjen betyr at verdien ved eit sal av minoritetsposten vil vere verdt 300 millionar kroner.