Hopp til innhold

NHO vil behalde Navarsete

NHO Sogn og Fjordane er redd for løyvingane til veg med ein svakare minister enn Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete.

NHO vil at Liv Signe Navarsete skal halde fram som samferdsleminister dei neste fire åra.

Foto: NRK

Regjeringa arbeider no med å plassere raudgrøne politikarar i dei forskjellige ministerstolane.

Fryktar svakare minister

Regiondirektør i NHO i Sogn og Fjordane, Karin Helen Halle fryktar at Navarsete bytter departement.

- Vi er redd det kan bli ein svakare samferdsleminister, forklarar Halle.

Internt i regjeringa jobbar dei på spreng med å få kabalen med statsrådar til å gå opp.

Mest spenning er det kanskje knytt til om partileiarane i SV og Senterpartiet skal halde fram som finansminister og samferdsleminister.

NHO vil behalde Navarsete

Halle og NHO håpar Navarsete held fram.

- Ho har vore veldig tydeleg, og jobba hardt for å få auka løyvingar til samferdsel. Veldig mykje gjenstår å sjå, men det er veldig spennande for oss å sjå om ho forset, eller kven vi får i staden, seier Halle.

- Navarsete vil uansett ha ei sentral rolle

Truleg vil ikkje det vere klart før i neste veke.

Fylkesleiar Knut M. Olsen i Sogn og Fjordane Senterparti er glad for tilliten til partileiaren, men seier det er uvisst kor tid kabalen går opp.

- Det vil eg ikkje spekulere i. Det viktigaste no er at regjeringa set saman det beste landet for å styre landet. Navarsete vil uansett ha ein sentral plass i den kabalen, seier Olsen.

- Bør ha kjennskap til utfordringane

Og Halle har ønskjelista klar, om ikkje Navarsete forset.

- NHO håpar det er ein frå distrikta som kjenner utfordringane bedriftene her har med å få varer ut i marknaden. Som kjenner vegstandarden som er langt frå akseptabel.

- Eg håpar det er nokon som vert lytta til og får gjennom vedtak, avsluttar Halle.

Liv Signe Navarsete vil ikkje kommentere saka.