Hopp til innhold

Kjempar for fortsatt gratis tannlege

Pensjonistane i Høyanger går no til kamp for å behalda ordninga som gjer at pensjonistar over 67 år får ein gratis time hos tannlegen i året.

Tannlege

GRATIS BEHANDLING: Det kan no bli slutt på gratis behandling for pensjonistar over 67 år (Illustrasjonsbilete)

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

I desember fekk Lilly Slinde i Høyanger Pensjonistlag beskjed om at ho hadde hatt sin siste gratis time hos tannpleiar.

– Då eg spurde kvifor fekk eg beskjed om at det var for få som nytta seg av tilbodet, seier Slinde.

Lite brukt

Som einaste fylke i landet har Sogn og Fjordane sidan 1990 tilbudt pensjonistar over 67 år enten ein halv time hos tannlege eller tre kvarter hos ein tannpleiar gratis - ein gong i året. Men ordninga er det svært få som har nytta seg av.

– Det trur eg er fordi fylkeskommunen har vore alt for dårleg til å informera om tilbodet, seier Slinde.

Berre offentlege tannklinikkar

Gruppeleiar i Senterpartiet på fylkestinget, Jenny Følling, meiner dei ikkje har informert for dårleg om ordninga, og seier at tilbodet ikkje var rettferdig.

– Det var kun dei som var over 67 år og brukte offentlege tannklinikkar som hadde nytte av ordninga. Den hjelpte berre nokre får pensjonistar, og det var dermed ikkje likebehandling, seier Følling.

Spara ein million

Jenny Følling

LITE BRUKT: Jenny Førland i Senterpartiet stemte for å avvikla ordninga.

Foto: Dagrun Reiakvam

I 2009 var det berre 11 prosent av pensjonistane som nytta seg av den gunstige ordninga. Fylkestinget la vekt på at ein sparer ein million kroner på å kutta tilbodet.

– Ordninga var ikkje pålagt, og lite brukt. Derfor vedtok eit nesten samrøystes fylkesting å fjerna tilbodet, seier Følling.

No ber pensjonistlaget i Høyanger Fylkeskommunen vurdera ei ny ordning.

– Dei tar litt for fort i frå oss pensjonistane godene vi har hatt, avsluttar Slinde.