To alternativ er framleis til vurdering for ny ferjefri E39.
Det midtre alternativet over Bjørnafjorden har fått mest støtte, men i teorien er også traseen gjennom Fusa fortsatt aktuell.
Laurdag blei det kjent at regjeringa
I morgon skulle alle ordførarane i Sunnhordland reisa til Oslo saman med representantar for fylkeskommunen for å møta samferdsleministeren.
På grunn av ein møtekollisjon i departementet blei morgondagens møte avlyst.
– No er møtet utsett til fredag i samband med at samferdsleministeren kjem til Hordaland, seier ordførar Liv Kari Eskeland i Stord kommune.
Ho er fornøgd med at møtet ikkje blei utsett med meir enn to dagar.
– Vi ønskjer å få ei avklaring om traseen så snart som mogleg. Det hadde sjølvsagt vore fantastisk å få avgjerda på fredag, men det veit vi ikkje noko om, seier ho.
Planane om trase for ein ny ferjefri E39 har vore greidd ut i Statens vegvesen og drøfta i lokale politiske organ. Både
og har gått inn for det midtre alternativet.