Morellene meir verde. Arkivfoto NRK
Optimismen er stor mellom dei 17 morelldyrkarane i Lærdal etter eitt og eit halvt års arbeid med å få det internasjonale kvalitetssertifikatet Europe Caps.
90 tonn i år
I år skal det haustast kring 90 tonn morellar i kommunen, og laurdag starta sesongen for fullt med hausting av bortimot sju tonn.
Håpar på fleire dyrkarar
Produsentane har tidlegare fått mellom 50 og 90 kroner kiloen, men berre hatt høve til å eksportere til nokre få land, seier Mark Brooks. Han håpar no at mange fleire skal starte med morelldyrking i Lærdal.
Stolt fylkesgartnar
Fylkesgartnar Torbjørn Takle er stolt over denne nye eksportlisensen. - Dette er ei heilt ny næring som vi har bygd opp frå grunnen. Sertifikatet som Lærdal Grønt har fått, vil føre til at dyrkarane får betre betalt for morellane sine. Målet er å kome opp i 250 tonn morellar i 2010, seier han.