Hopp til innhold

Viktig milepæl på Filefjell

Torsdag blir det gjennomslag i den fire kilometer lange Borlaugstunnelen på Filefjell. Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å byggje ny E16 over fjellet.

Magnhild Meltveit Kleppa

NY TUNNEL: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og skytebas Inge Andre Ytredal under markeringa hausten 2011. Kleppa fekk skyte første salva til den nye tunnelen.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Vegen som no blir utbetra ligg mellom Smedalsosen og Borlaug. Denne delen av vegen har i dag dårleg standard og ein del skal erstattast med tunnel. Når den er på plass mellom Borlaug og Maristova, blir fire rasutsette punkt vekke.

Dermed blir vegen tryggare for alle som er ute og køyrer. For vegen har vore ei stor utfordring heile året. Spesielt om vinteren har store køyretøy fått problem.

– Denne strekninga blir viktigare og viktigare i framtida, også som vinterveg, sa dåverande samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa då ho sprenge første salva i september 2011.

Borlaugstunnelen er 4050 meter lang, og tunneldrivinga har gått frå begge sider. Torsdag ettermiddag møtast dei to arbeidslaga midt inne i tunnelen.

– Ved å legge vegen i tunnel opp Smedalen, mellom Borlaug og Maristova, blir fire rasutsette punkt eliminerte. I tillegg blir stigningsforholda betra, fortel prosjektleiar for E16 Filefjell, Oddvin Ylvisaker.

Når tunnelen og vegen er ferdig, er håpet at det skal bli færre stengingar og at transportkostnadene skal bli mindre. Strekninga er ein del av prosjektet E16 over Filefjell som har ein eigen post på statsbudsjettet.

Målet er ein sikrare og betre veg mellom Austlandet og Vestlandet. Totalsummen er 1760 millionar kroner og heile vegen skal vere ferdig utbygd i 2016.

Tunnel på E16 mellom Smedalsosen og Borlaug i Lærdal

RYGGARE VEG: Når dagens veg blir erstatta med tunnel, skal det bli tryggare å køyre på E16. Den stipla linja viser kvar tunnelen skal gå.

Foto: Statens vegvesen