Viktig kontrakt for Westcon i Florø

Westcon i Florø har sikra seg ei stor kontrakt. Den vil halde 40–50 personar i arbeid fram til mars neste år.

Westcon i Florø
Foto: Westcon

Bedrfita har fått i oppdrag om å levere undervass-utstyr til Martin Linge-feltet.

– Dette oppdraget kjem i rekkja av utfordrande og interessante subseaprosjekt der det blir stilt enormt høge krav til kvalitet og tryggleik i alle deler av produksjonen. Vi får nytta breidda av kompetanse innan produksjon og prosjektstyring som finst i Westcon, seier Steinar Matre som er leiar for subseaavdelinga i ei pressemelding.

Det er tre stigerøyrsfundament som skal leverast til Subsea 7. Westcon har hatt fleire slike oppdrag sidan satsinga deira på produksjon av undervasseiningar starta for dryge to år sidan.

– Dette er ein krevjande marknad å få innpass i, særleg i desse tider. Men vi har lykkast ved å jobbe knallhardt. Dette har bidrege til at kundane stadig vender tilbake til oss, seier Matre.