Hopp til innhold

Sogning i ferjedrama: – Dei som stod datt som bowlingkjegler

I 2001 drakk han kaffi i World Trade Center like før flya krasja inn i tårna. I 2011 fekk han og resten av New York bryna seg på orkanen Irene og i dag var han på ferja som krasja i verdsmetropolen. Vidar Brekke frå Vik i Sogn har hatt hell i uhell alle gongane.

Vidar Brekke

KOM USKADD FÅ ULUKKA: Vidar Brekke frå Vik i Sogn.

Foto: privat

– Eg sat i stolen, so det gjekk bra med meg, men dei som stod var jo reine bowlingpinnane, seier Vidar Brekke frå Vik i Sogn.

I dag krasja ei ferje i New York inn i kaien midt i rushtida – med sogningen om bord!

Ferjeulykke New York

MANGE SKADDE: Ferja var på veg frå nabostaten New Jersey til New York, da ulykka skjedde. Mange av passasjerane måtte berast i land på bårer.

Foto: Richard Drew / Ap

Han kom frå ulukka i god behald – endå ein gong.

For i 2001 drakk han kaffi i World Trade Center like før det første flyet styrta inn i den første skyskraparen, i 2011 fylte orkanen Irene opp heile kjellaren hans i New Jersey med vatn – og no sat han på ferja som brasa inn i kaien i New York.

– Eg forlét World Trade Center fem minutt før flyet krasja, og det var mykje styr med tornadoane dei siste åra, seier han.

Han sat om lag midt på båten i andre etasje då ulukka skjedde.

– Det er omtrent den same type båt som går på Sognefjorden, kanskje litt større. Me visste ikkje kva som skjedde, me krasja jo rett inn i kaien i full fart, ferja bremsa ikkje ned ein gong.

Etter han kom seg i land, var det vidare i ein hektisk arbeidsdag i IT-bransjen i verdsmetropolen.

Vidar Brekke førebur seg på orkanen Sandy

FØREBUDDE SEG PÅ STORM: Vidar Brekke og dottera Charlie (6) gjer dei siste førebuingane før orkanen Sandy når land.

Foto: privat

To personar skal vera kritisk skadd etter ulukka, ifølgje politiet.

Fleire av dei skadde passasjerane oppheldt seg på dekk og venta på å gå i land då ferja kolliderte rundt klokka 09 onsdag, lokal tid.

– Har prøvd å få han til å flytta heim

Heime i Vik opplevde familien at sonen endå ein gong var farleg nærme ei ulukke.

– Han var heldig denne gongen også, seier mor hans, Gerd Marie Brekke.

– Det hadde vore ein frykteleg smell, so han var veldig heldig som slapp frå det utan ei skramme, seier ho.

– Du vil ikkje at han skal flytta heim no då?

– Eg har lagt inn mange førespurnader om det, men eg har ikkje klart å lokka han heim endå, seier ho.

Vidar Brekke med familien heime i Vik

HEIMTRAKTENE: Vidar Brekke med dottera Charlie Nicole og kona Laurie heime i Vik sist sommar.

Foto: privat