Hopp til innhold

Vikingskip, kystlinje, fabeldyr eller fjell?

Folkejuryen har talt. Dette er deira finalistar til fylkesvåpen for Vestland.

Fylkesvåpen Vestland

DE 10 FINALISTANE: Folkejuryen har plukket ut sine favorittar.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Det var ti spente folkejurymedlemmer som samla seg i fylkeshuset i Bergen laurdag. No var tida komen for å seie si meining om kva slags motiv som skal vere motiv i det nye fylkesvåpenet.

– Vi er svært glade for det store engasjementet som folk viser for det nye fylkesvåpenet, seier fylkesdirektør for kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd.

– Talet på innsende forslag var over all forventing. Mange har også ønskt å vere med i folkejuryen. Dermed kunne vi setje saman ei gruppe med medlemar frå heile det nye fylket, seier han.

Per Morten Ekerhovd med eit forslag til nytt fylkesvåpen

ROSER ENGASJEMENTET: Per Morten Ekerhovd er fylkesdirektør kultur og idrett i Hordaland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

667 ulike forslag

Det var i mai konkurransen om nytt våpenskjold for det nye fylket vart lyst ut. Totalt kom det inn 667 ulike forslag. Sjølve avstemminga skal skje på nettsidene til dei to noverande fylkeskommunane i ei veke frå 22. til 29. august.

– Først så eg raskt gjennom alle forslaga, og plukka ut mine favorittar. Så las eg meg opp på heraldikk, og gjekk gjennom det ein gong til, og såg at eg kunne behalde dei fleste av mine favorittar, seier Renate Rebnord Matre frå Lindås.

Denne framgangsmåten gjekk igjen hos fleire av jurymedlemane. Nokre las gjennom dokumenta på fly, andre måtte høyre med familie og vener før dei fann sine fem kandidatar.

Folkejury kommuneskjold Vestland

FOLKEJURYEN: 10 medlemmer frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: Jennifer Fossnes / Hordaland fylkeskommune

Oppteken av kommunevåpen

Øystein Hassel frå Bergen har vore oppteken av kommunevåpen frå han var liten. Kristian Endal frå Måløy melde seg fordi han synest det er viktig at yngre engasjerer seg.

Susan Abdallah frå Stord melde seg fordi det er viktig for å vise at det ikkje er umogeleg for innvandrarar å komme inn i det som har med samfunnet å gjere.

– Eg vil ha eit fylkesvåpen som er lett å kjenne att, og som er stilig, seier Jarle Birger Arnes frå Bergen.

Fagjury og avstemming på nett

Ein fagjury skal og peike ut sine favorittmotiv. Onsdag i neste veke er deira avgjerd klar.

Då opnar og nettavstemminga der folk i Hordaland og Sogn og Fjordane kan taste fram sin favoritt.

Forslaget som vert folkefavoritten blir saman med tre forslag frå fagkomiteen tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå invitert til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen.

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen vurdere alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen.

Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.