Hopp til innhold

Ho koplar vikingfunn i Lærdal mot Oseberg-skipet

LÆRDAL (NRK) Var ein av Oseberg-handverkarane frå Sogn? Eller handla Eri-bonden med same handverkar som hovgydja i Oseberg? Professor Sæbjørg Walaker Nordeide knyt ei beltespenne frå Lærdal opp mot sjølvaste Oseberg-grava i Vestfold.

Dr. Prof. Sæbjørg Walaker Nordeide

FORSKAR: Dr. prof. Sæbjørg Walaker Nordeide ved Universitetsmuseet i Bergen har teke eit arkeologisk funn frå Eri fram av gøymselen og funne eit oppsiktsvekkjande resultat.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Eri i Lærdal I 1840-åra: Ein dolk og eit reimendebeslag (beltespenne) blir funne i «Tovarhaugen». Truleg har nokon kome borti ei grav frå tidleg vikingtid. Funna blir levert til Bergen museum.

Eri i Lærdal i 2016: Dr. prof. Sæbjørg Walaker Nordeide går rundt det som i dag er restar av «Tovarhaugen» med eit bilde av beltespenna. I 170 år har spenna lege gøymd hjå museet. Men no har professoren frårista den løyndomane.

– Motivet på beltespenna er nesten nøyaktig lik eit sentralt motiv på Osebergvogna, seier Walaker Nordeide, som er instituttleiar ved kulturhistorisk avdeling ved Universitetsmuseet i Bergen.

Gripedyrstil

– Spenna er veldig spesiell fordi den er usymmetrisk. Viss du brukar den som ei beltespenne må du spenne reima rundt livet, motsols, for at figurane på den skal stå. Og kanten rundt er rifla og kan minne om eit tau. Så byrja eg å leite. Kvar i all verda kom denne gjenstanden frå?

Gjenstanden er 1200 år gamal og vart funnen alt i 1840-åra. Nyoppdaginga fekk professoren til å sjå samanhengar ingen hadde sett før ho.

– Motivet består av fleire figurar etter kvarandre. Til venstre står ei kvinne, så kjem det fleire figurar og så eit hundeliknande dyr. Det same motivet finn vi på vogna.

Osebergvogna

Det omtalte motivet har ein sentral plass øvst i midten på vogna (markert).

Foto: S. Skare, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen

Oseberghaugen som vart greven ut i 1904 skjulte ikkje berre det berømte vikingskipet. Grava var også rik på andre gjenstandar, som mellom anna trevogna med svært rike utskjeringar.

Det er motivet øvst i midten på denne vogna som er funne att på beltespenna frå Lærdal. Motivet er i gripedyrstil, den mest vanlege vikingtidsstilen i Skandinavia.

Beltespenne frå vikingtid, Lærdal

VIKINGSPENNE: Beltespenna, eller reimendebeslaget, har lege i Bergen museum i 170 år.

Foto: Odd Helge Brugrand

Professoren trur motivet hadde ei kosmologisk tyding.

– Motivet har fått den mest sentrale plasseringa på vogna. Riflekanten rundt er også lik. Dersom scena på motivet utspelar seg innanfor eit tau eller ein orm, som Midgardsormen, kan dette vere ei kosmologisk tyding.

– I norrøn mytologi vart det lagt vekt på at alle ting heng saman og at alt må bindast sterkt saman. Når kaoskreftene som Midgardsormen er kontrollert, så er det fred og harmoni i verda, seier Walaker Nordeide.

Same handverkar

Ho har fått nysgjerrige tilbakemeldingar frå internasjonale ekspertar på vikingtidskunst. Professoren ser ikkje vekk frå at trekunsten i Oseberg og metallkunsten i Lærdal er laga av ein og same person.

– Dekoren er så lik og så nøyaktig at ein mistenker at handverkarane i Oseberg både var treskjerarar og gullsmedar. Kanskje har spenna i Lærdal og treskjeringa i Oseberg hatt same handverkar.

– Kva samanheng kan det ha at vikingbonden i Lærdal har gått med same motiv som hovgydja (prestinna) i Oseberg?

– Delar av Osebergfunnet kan ha blitt laga på Vestlandet. Men Lærdal har alltid vore den viktigaste ferdslesåra mellom aust og vest og det er naturleg at ting har kome hit.

– Handverkarane kan ha vore omreisande spesialistar. Men det er ikkje sikkert at dei var frie. Dei kan ha vore slavar, seier Walaker Nordeide.

Beltespenna frå Lærdal versus Osebergvogna

SAME MOTIV: Beslaget frå Eri (øvst) og detaljen av dekor på vogna frå Oseberg-grava.

Foto: O. Holst, Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.